I eit svar til Jostein Ness i Firda den 22.12.
2014 vert Ness kalla provokatør av Einar Rysjedal. I mitt leksikon frå
Cappelen av 1958 står det at "Provokatør er en person som prøver å
tilskynde, eller egge, en annen til å begå en forbrytelse". Har du døme på at
Ness har prøvd å få nokon til å begå brotsverk,
Rysjedal?
Også eg las innlegget som Ness skreiv der
Rysjedal hevdar at han og nokre andre frå partiet Raudt vart kalla
gestapistar. Slik oppfatta ikkje eg Ness sitt innlegg. Men eg oppfatta det som
at i samfunn der totalitære og diktatoriske ideologiar kjem til makta er
der alltid element som får leve ut sine sadistiske og
vondsinna lyster og instinkt.
Ness viser til det som skjedde i Norge under den
tyske okkupasjonen. Det er nok å nemne Rinnanbanden. Men der finns også andre
døme på slik framferd, også i kommuniststyrde samfunn. Dette føregår
den dag i dag, sjå berre på kva som skjer i det kommunistiske Nord-Korea.
Hundre tusener i skrekkleirar. Det kan vel
ikkje avvisast at slikt har skjedd under
kommunistiske styresett også før? Og det har skjedd under militærjuntaer
rundt i verda. I Etiopia styrde den marxistiske presidenten Mengistu med
turtur og drap på omlag ein halv million menneske på -70-talet, (VG,
30.06.2006). Ta t.d. Albania under Hoxha, Europa sitt raude fyrtårn, som
også var venstresida og mange AKP m/l-arar sitt politiske glansbilete. I
Aftenposten den 15.03 2010 skriv Aasmund Willersrud om "Sannheten om Enver
Hoxhas massegraver".
Skjelettene som velter frem fra grunnen gjør den
forskrudde betegnelsen " sosialismens fyrtårn" enda mer brysom", skriv
han.
Der er eindel av det som Rysjedal skriv i
sitt svarinnlegg som i alle høve ikkje eg festar lit til. Han vedgår at
"vi" såg opp til ei frigjeringsrørsle som leia an i kampen mot USA sine
2.756.941 tonn bomber over det vesle landet. Her trur eg Rysjedal tek feil,
det var nok Viet Nam, nabolandet til Kambodsja, som fekk desse bombene over
landet.
Og du verda for ei "frigjeringsrørsle" Pol Pot var
leiar for! Nær på 2 mill., ein fjerdedel av folket, slakta
på sadistiske vis! Og det er vel ikkje noko unnskyldning for at AKP
m/l såg opp til denne "frigjeringsrørsla" at vestlege regjeringar seinare
støtta Raude Khmer i FN. Sjølvsagt var Vesten si røystegjeving i FN
uforståleg og skammeleg, men vi skal ikkje tru at støtta frå dei
venstreekstreme miljøa i Europa var utan betydning for Pol Pot sitt
tyranni. Tydelegvis vil Rysjedal ha oss til å tru at
"Steigan sitt besøk og kortvarige verbale støtte" (sitat) var utan
betydning for dei som styrde terroren. Og var Steigan si støtte kortvarig? I
VG den 15.11. 2000 skriv Erling Bø dette: "Husker du Pål Steigan? Leder i SUF
(ml). Leder i AKP (ml). Norsk partileder som møtte - og støttet -
massemorderen Pol Pot? Husker du ham, husker du mer enn Cappelens Forlags
leksikon. Som redaktør retusjerte Pål Steigan både seg selv og Pol Pots
grusomheter ut av Caplex". Kvifor skulle Steigan retusjere vekk Pol Pots
grusomheiter vis han ikkje lenger støtta politikken
hans?
Og så har vi AKP som programfesta væpna revolusjon. I
VG den 1. august 2003 skriv den ikkje ukjende Olav Versto dette: "Spørsmålet
om AKP var villig å ta i bruk vold og drap om partiet kom til makten, må
utvilsomt besvares med ja."
Rysjedal skriv også at han ikkje kjenner nokon
Raudtfolk som kjem i kategorien av dei som hadde Pol Pot og Røde Khmer
som vårt "store ideal". Det eg alt har nemnt, og etter kva eg sjølv minnes,
så har eg vanskar med å tru på denne påstanden. Dette sjølv om
Rysjedal skulle kome til å truge også meg med
injuriesøksmål.
RV - Raud Valgallianse- vart skipa i 1973. RV var ein
allianse mellom AKP og uavhengige sosialistar. I 2007 la RV og AKP ned
partiet og danna partiet Rødt - Raudt. Dei fleste medlemane i AKP og RV
vart visstnok med i det nye partiet. Skal vi då tru Rysjedal så er der ingen
no i Raudt som var med å støtta "fridomsrørsla" til Pol Pot. Men det er mykje
som tyder på at Rysjedal tek feil her. Den einaste representante som RV til no
har hatt på Stortinget er Erling Folkvord. Han kom inn i 1993. I VG den
10.08 1997 minner Erling Bø oss om kva Folkvord var med på i 1978.
Flyktningar frå terrorregimet i Kambodsja var invitert til høyring i Oslo for
å fortelje om grusomheitene under Pol Pot sitt styre. AKP m/l laga
mothøyring, og sentralt i mothøyringane stod Erling Folkvord. Mothøyringa er
omtalt i Klassekampen den 25. april 1978.
I avisa Vårt Land den 20.08. 93 skriv Hartvig
Sætra, som sjølv var kommunist av den eldre garde, dette: "RV aktar å få ein
representant inn på Stortinget frå Oslo. - Norge vil i så fall vere det
einaste landet i Europa som får ein av massemordaren Pol Pot sine klakkørar i
si nasjonalforsamling".
Rett nok har eindel av dei gamle AKP-arane klatra til
topps i andre parti, ikkje minst i Arbeidarpartiet, der mogelegheitene for
makt har vore gode for dei. Og dei er å finne på alle plan i samfunnet,
også innan påståtte "humanitære organisasjonar". Men eg trur ikkje
at alle av medlemane frå RV og AKP som gjekk inn i partiet
Raudt skulle vere reine for Pol Pot-sympatiar. Her skal vi
heller ikkje gløyme maoistane, då Mao sitt Kina også støtta Røde Khmer
sitt terrorvelde. Og Kina under Mao var eit anna av norsk
venstreside sitt paradis, trass i 10 år med blodig kulturrevolusjon og
millionar myrda. Likevel elska norske ungkommunistar "Mao lille
raude".
Vidare i svaret til Ness skriv Rysjedal at alle veit
at det er dei høgreeksteme som står bak den politiske valden i Norge, og viser
her til eindel nazi-inspirerte brotsverk. No er vi etterkvart mange som har
opplevd valden frå venstreekstreme miljø grunna vårt politiske syn. Men
at nazi-ispirert vald tilhøyrer høgresida er det ikkje alle som
meinar. Eg kan nemne nokre fakta som plasserar nazismen som sosialisme.
Og har Rysjedal høyrt om sosialisme på høgresida? Einar Myklebust skriv i ein
lenger artikkel i Aftenposten 26.03. 92 dette: "Nazismen på venstre side", og
"Som et kollektivistisk sosialt system hører nazismen hjemme på venstre side
av den politiske skala. Å omtale den som høyre-ekstremisme er
meningsløst".
Dessuten minner eg om at det raude i nazi-Tyskland
sitt flagg symboliserte sosialisme.
Her er mange andre ting som kunne takast fram i min
kommentar til Raudt, men vi kan slå fast at Raudt sin politiske ideologi
er kommunisme. Med den historia vi kjenner frå samfunn som har vore
styrde av kommunismen gjennom hundre år, med tvang, slaveleirar, som under
nazismen, tortur og drap på politiske meiningsmotstandarar
og millionar andre uskuldige menneske, så vil eg spørje Rysjedal og
partiet Raudt - Rødt: Er det kommunismen de vil by oss?
Om Rysjedal vil korrigere noko av det eg har skrive så
er han velkomen med det. Stoffet om dette temaet er nesten
botnlaust, men diverre fortidd for yngre generasjonar. Og det er
synd!
Norvald Aasen, 6983 Kvammen
30.desember,
2014
Kommentarer
Legg inn en kommentar