Kristen-harselas i Vårt Land

Norge IDAG

Journalist Alf Gjøsund har vore innom Oslo Symposium for å observere. Han brukar to sider i Vårt Land sist laurdag (21. mars), ei slags burlesk og underhaldande, men overdådig negativ folkelivsskildring, for å harselere med menneske som er såpass engasjerte og interesserte at dei reiser frå fjern og nær til hovudstaden og brukar tid for å skaffe seg kunnskap og kveik i sitt arbeid for å styrke kristenfundamentet i norsk samfunnsliv.

Det ser ut som Gjøsund har eitt mål for auga: å framstille arrangørane og deltakarane på Oslo Symposium som nokre avleggse tullingar. «Dette er Kristen-Norges outsidere», skriv han, slike konservative attergløymer som den offentlege makteliten helst vil halde på armlengds fråstand.

Fordommane tyt. Gjøsund held stereotypisk narr av eldre damer i salen «med skjørt og hårknute». Og verre: Innlegg som sjokkerer andre, får applaus her. Ja, dette er ein gjeng, skriv han, som er så dumme at dei trur at Noreg atter kan bli eit homogent og kristent land. Og tenk: Når talarar åtvarar mot islam og kva islamismen representerer, fører det til «usmakelig applaus» i salen.

Les mer i Norge IDAG

Kommentarer