Ope brev til alle norske politikere og norske medier

Knut Arild Hareide vil ikkje støtte mistillit til regjeringa, men krev at dei utsende asylfamiliene vert henta tilbake til Norge. Dette til hån og latter for Norges lov og regelverk.

Han likar å kalle dei "lengeverande asylbarn". Og korleis vart dei her i landet så altfor lenge? Jau, fordi Krf og andre som ønskjer fri masseinnvandring til eit lite folk på knapt 4 mill. nordmenn og samar har vore på barrikadane stadig vekk for å krevje at desse familiane ikkje skulle sendast ut, men at dei skulle få "prøve" sakene i utallige ankeinstansar gjennom år etter år. Det å "prøve" sakene betyr i verkelegheita at dei får tvinge seg til opphald sjølv etter avslag på asylsøknadane.

På denne måten har dei klart å få det til slik at dei har vorte "lengeverande" i landet. Vi skal også hugse på at taktikken frå Hareide og co har vore å kalle desse sakene for "asylbarna", medan familiane som har brukt borna som brekkstang for å få opphald nesten aldri vert nemnt. Dette er noko av dei triksa som Hareide og hans våpendragarar har nytta for å smelte hjarta hjå oss nordmenn. 

 

At AP som har hatt mange justisministrar gjennom dei siste 30 åra, og som har fått nærkontakt med asylstrategien for å tvinge seg til opphald, no vil vere med på mistillit mot Justisministeren, fortel vel sitt om uredelegheita i den politiske sirkusmanesjen. Dette tenar AP til liten ære.

Vi har i denne regjeringa ein justisminister som ofte vert kalla folket sin Justisminister, det er vel slike ting som får Krf, Venstre, SV og AP til å sjå raudt. Kva anna farge skulle vel disse vere istand til å sjå?

Det er å håpe at kristenfolket etter kvart innser at Krf ikkje er eit parti for folk og land, og eit langt betre alternativ finns alt for nasjonalsinna kristne.

Eg vil oppmode Frp om å forlate denne regjeringa om Hareide, Grande og Lysbakken får viljen sin gjennom, og at dei utsende asylfamiliane vert henta tilbake til nye rundar i asylmanesjen, og som dermed vert endå lenger "lengeverande".

Med Frp ute av regjeringa har sperregrensepartia fått viljen sin med å fjerne Frp frå regjeringsmakta. Partiet sine mange gode statsrådar kan ikkje sitje i ei regjering og forsvare ein svikefull politikk mot folk og land.

Då vert Krf og Venstre nøydde til å gå inn i regjeringa med Høgre, og vil få svi for sviket ved neste val.

Frp har alt å vinne på å gå ut av regjeringa i staden for å la seg presse til å føre ein politikk som fører landet og vårt vesle urfolk stadig nærmare kanten av stupet. La Krf få segle sin eigen sjø, det er ein bra start for folk og fedreland.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen,
tel: 57731844

Kommentarer