Knut Arild Hareide, KrF |
Knut Arild Hareide, krf
Kopi til Frp si stortingsgruppe.
Debatt på Dagsrevyen om syriaflyktningar mellom Knut A. Hareide og Per Sandberg.
Hareide under debatten: Vi må hjelpe dei i nærområda, men vi må også hjelpe dei her, sitat etter minnet.
Det er då veldig så ansvarleg du skal gjere vesle Norge for krigar og påfylgjane katastrofer i andre deler av verda!
Om det er du, saman med Trine Skei Grande, Lysbakken og Rasmus Hansson som er krigsherrar i midt-Austen så må de snarast reise ned dit for å skape fred! Dei fleste av oss nordmenn har aldri ønska den "arabiske våren" som no står i full bløming over heile regionen. Om nokon her har ønska desse tilstandane så er det vel dei som vil forflytte menneska i regionen til Europa og Norge, og som no ser mogelegheita til å knekke nasjonen vår demografisk og samfunnet økonomisk. Brakkebaronar og asylprofittørar kan drøyme om svulmande kontoar gjennom nattesøvnen!
Har du, Hareide, og dine medspelarar, nokon gong ofra ein tanke på dei av våre eldre som lever under uverdige forhold på institusjonar, der pengemangel og mangel på tilsette gjer alderdomen for mange eldre til ein lidelse? Burde heller kommunane fått økonomi til å tilsetje nok betjening på alders- og sjukeheimar i staden for at staten pøsar milliardar ut på asylmottak og betjening for friske og førige menneske som heller skulle vore i heimlanda og hjelpt eige folk.
No er det Syria, så er det Irak, så er det Libya, så er det Egypt, så er det Jemen! Du har tydelegvis mange katastrofer under den "arabiske våren" som vesle Norge skal ta ansvaret for! "Bra" at du har ein fulltallig opposisjon med deg i krava til oss nordmenn, slik at de kan få pressa dykkar ønskje nedover oss!
Norvald Aasen,
6983 Kvammen
Kommentarer
Legg inn en kommentar