Til Ingvill Bryn, NRK
Kopi NRK sentralt og som ope brev til eindel
nettstadar.
På dagsrevyen har du funne det forgodt å intervjue Tore
Bjørgo om dei såkalla Odins Soldatar. Intervjuet med, og propagandaen fra denne
såkalla professoren er som forventa.
Synes han det er ille om desse ungdomane skulle klare å
hindre vald og kriminalitet? Han seier at dei har eit militant merke på jakka og
at det ikkje går saman med gode føremål.
No har vi vel aldri opplevd at han har forska i
blitzmiljøet sine aksjonar, planar og symbol. Men også dei har eit
militant symbol med den knytta neven som knuser. Dessutan så har dei ved
mange høve, når dei herjar i gatene med vald og trakassering, truga med at
deira motstandarar skulle gjerast til medister. Korleis kan dei klare det utan
vald, Ingvill Bryn og Tore Bjørgo?
Det er slett ikkje merkverdig eller nytt at NRK og
journalistar elles vinklar denne saka slik dei gjer. Når det har vore
valdsaksjonar frå blitz-miljøet så har det vore akseptert av media - herunder
NRK - og dei venstreekstreme politiske miljøa. Det har liksom vore
akseptert framferd når motstandarane kunne kallast "nazistar" eller "rasistar".
Merkelappane treng ikkje domstolvedtak, NRK er domstol god nok saman med
pøbelmiljøa. Mange innan dette miljøet har også vore avkom av
Arbeidarpartiet sine toppfolk og kjendisar på venstresida.
Kva så med dei såkalla "Natteravnane"? Skal dei som
freistar å hindre kriminalitet og vald vere forankra på den venstreekstreme
sida, då er eg redd for at det er mange av oss nordmenn som ikkje får
tryggleiken vår ivareteken.
Eg har slett ikkje tiltru til Tore Bjørgo, korkje med
eller utan professortittel, at han får slenge ut sin antipati mot sine
meiningsmotstandarar i NRK gjer han ikkje meir truverdig i mine
auge.
Så, Ingvill Bryn: Eg minnes godt den gangen for eindel
år sidan då blitzpøbelen fekk stogga eit møte på Hotell Terminus, og knuste
ruter i politibilar var eit resultat av deira aksjon. På Dagsrevyen om
kvelden refererte du frå hendinga slik: "Nazistane måtte avslutte
møtet".
Dei som du fann det forgodt å kalle "nazistar" var
ein av Noregs høgst dekorerte motstandsmann frå 2. verdskrig, Erik
Gjems-Onstad, Gunnar Øi, som under krigen vart torturert av Gestapo, desse
saman med fleire andre krigsveteranar som deltok på møtet på Hotell
Terminus fann du altså kjekt og greit å kalle "nazistar".
Kva tillit skal vi ha til deg, Ingvill Bryn?
Berre synd at vi nordmenn må betale tvangsavgift til eit slikt system som NRK og
liknande. Det synes for meg som at ein del nyheitsoppslag er vinkla slik at
dei harmonerar med einskilde reportarar sine eigne politiske
ideologiar. Slikt burde vere ei skam for den sjølvrosa og oppskrytte
NRK.
Norvald Aasen,
6983
Kvammen