For nokre dagar sidan såg eg deg uttale på Dagsrevyen at
du og ditt parti gjekk imot alle innstrammingar i migrasjonspolitikken som var i
strid med "våre" internasjonale forpliktelsar.
Viss dine og Skei Grande sine
internasjonale forpliktelser medfører at vårt gamle folkeferd, nordmenn, og
det norske samfunn og Norge som nasjonalstat, vert fortrengt og øydelagt så sit
du og Grande, med fleire, med eit tungt ansvar for komande norske
slekter.
Eg har fylgt nokre dokumentarar på VGTV om IS og kva som
er deira langsiktige mål - verdsherredømme - og det er ganske utruleg at
fleirtalet av politikarane både på riksplan og lokalplan ønskjer å gje fritt
leide for ei slik grufull rørsle til Europa og Norge.
Du har sagt frå til meg før at eg var
altfor useriøs til at du kunne ha dialog med meg, det er heilt
greit for meg, for mine meiningar om det eg ser på som historia sitt
største svik mot folket vårt, nordmennene, og fedrelandet vert lese av langt
fleire enn deg og dine kampfeller.
Norvald Aasen,
6983
Kvammen