USA-korrespondent.
På kveldens Dagsrevy, 01.04. 2016, sende du rapport frå atomtoppmøte i FN.
Her fortel du at Erna Solberg hadde ein sentral rolle i forhandlingane.
Dette blir for dumt, Tove Bjørgaas! Hadde det endå vore ein aprilspøk så kunne det gått an.
Kva rolle spelar eigentleg vesle Norge i verda utan om det å bevilge pengar i hytt og vær? Slikt dumt skryt høyrer vi ofte i ulike samanhengar når det gjeld norske stormanngalne værhanar som kjøper seg venskap og selskap med verda sine fremste statsleiarar ved å ause djupt frå det norske folk sin eigedom - statskassen.
Og vesle einfaldige Norge skal hjelpe ulike land med å sikre deira atominnstallasjonar, får vi vite!
Nei, Tove Bjørgaas og andre mediafolk og politikarar, innsjå våre begrensningar som "stormakt" i verda! Dei begrensningane ser vanlege folk som held beina stødig på jorda. Vi flirer åt, og foraktar, desse som med nordmenns pengar flagrande mellom fingarane prøver å halde fast i skjorteflaka til verda sine toppleiarar i både FN, EU og andre fora der berre den norske oljerikdomen har verdi.
Med helsing

Norvald Aasen,
6983 Kvammen