Til Herr Atle Bjurstrøm.
Med kopi til NRK-leiinga.
I innslaget på laurdagsrevyen den 21.05. 2016 om
den finske mannen som hadde forlate Den nordiske motstandsbevegelsen og som
visstnok skulle vere nazist/nynazist, kom du i skade for å koble
saman nynazisme og høgreekstremisme. Eg går ut frå at nynazisme er
vidareføring av nazismen, det som eigentleg var Det nasjonalsosialistiske
tyske arbeidarpartiet.
Bilete som vart vist av Hitler i reportasjen stadfestar
at nynazismen er vidareføring av Hitlers sosialistiske stormannsgalskap.
Det vil
seie at nazismen/nynazismen ikkje tilhøyrer høgresida, men er på den politiske
venstresida eller - venstreekstremisme, forresten eit ord som av ein eller
annan grunn synes å vere stroke frå NRK og resten av media sine
ordlister.
Ein vitug ung mann som eg trur du, Atle
Bjurstrøm er, veit sikkert kva det raude i naziflagget symboliserte -
jau, det var sosialismen. Og sosialisme har vel aldri høyrd til på høgresida? Vi
har både internasjonal-sosialisme som er kommunisme og vi har
nasjonalsosialisme som var/er nazisme/nynazisme.
Dessutan kan det vel hevdast at
nazismen ikkje var nasjonalistisk, det er nemleg ikkje noko nasjonalistisk ved
det å gå til krig mot ein heil verdsdel, ja, jamvel inn på andre
verdsdelar også for å legge andre statar inn under eigen stat. Slikt er ikkje
nasjonalisme!
Mykje tyder på at Hitler hadde planar om å samle minst heile
Europa med omliggande områder som eit samla Europa under
Tyskland. Dette er imperialisme, ikkje nasjonalisme. Hitler hadde også
samarbeid med muslimske leiarar.
Det er vel også det vi ser i vår tid med eit samla
Europa som etter kvart synes å ha planar om eit Eurabia, og som for tida kallar
seg EU. Denne imperialistiske flodhesten har jamvel fått Nobels fredspris frå
Jagland og co!
Eg vil minne om at når vi er pålagde å betale NRK-lisens
så har vi også rett til å påpeike det vi meinar er feilinformasjon frå
statskanalen, noko eg frå tid til anna tek meg den fridom å
gjere.
Eg tek meg også den fridom å hevde at NRK, i
likskap med det meste av norske media, ikkje er nokon nøytral
nyheitsformidlar, men etter mitt syn er tydeleg på venstresida. Noko som vi
politisk ukorrekte stadig merkar
oss.
Norvald Aasen,
6983 Kvammen
INFO
Mandag 30 mai klokka 19.00 skal Jan Hårstad holde foredrag om islam og globalisme i Josefine gt. 12, Oslo.
Mandag 30 mai klokka 19.00 skal Jan Hårstad holde foredrag om islam og globalisme i Josefine gt. 12, Oslo.