Til Erna Solberg,
Statsministerens kontor.
Eg ser på nett-nyheitene at du vil verne Norge mot Putin. Eg synes du skal ta ein tenkepause og fundere over om Putin og Russland er nokon trussel mot Norge, eller har vore det etter Sovjet-tida.
Norge er medlem av Nato og er med på å drive provokasjonar mot Russland heilt opp til Russlands grense i nord, vest og sør. No er det slik at einkvar militærallianse treng ein fiende! Denne har de funne i Russland og Putin!
Dette er til skam for Norge å delta i! Slikt vitnar ikkje om godt naboskap, og det er ikkje Putin sin feil!
Nato har drive med katastrofale resultat krigar i Serbia, mot Irak, Afghanistan og Libya. Vedgå dykkar feilgrep som har kosta tusenvis av menneske livet, og som har framavla terrororganisasjonar som verda aldri har sett maken til sidan Hitler, Stalin, Mao og Pol Pot.
Eg meinar at Norge no treng å beskyttast mot Erna sjølv og dine våpendragarar. Eg er i dag mest redd for Erna Solberg og Nato sitt korstog mot Russland! I 1999 var det Milosevic som var skyteskive for Nato, no er det Putin.
Skrive i medhald av § 100 i Grunnlova om ytringsfridom!
Norvald Aasen, 6983 Kvammen