Til Sylvi Listhaug

Av Norvald Aasen.

Eg høyrer på nyheitene i dag, den 4. juni, at ein syrisk "flyktning" seier at du, Sylvi Listhaug, tvingar flyktningar til å ta den fårlegaste ruta til Europa! Dette er vås og sludder!

Det er då ingen som tvingar dei til å reise til Europa! For reelle flyktningar er det langt nærmare mogelegheiter å nytte seg av enn denne "fårefulle" vegen til Europa. Det er ein veg som dei vel sjølve. Vi ønskjer dei heller ikkje hit, då dei fleste av oss nordmenn og europearar ikkje ønskjer eit liknande kaos her som dei har i Syria og resten av midt-Austen.

Ved at Europa og Noreg brukte litt av dei pengane i nærområda som dei brukar på migrantstraumen ville tilhøva i flyktningeleirane i nabolanda kunne betrast. Men store pengesummar går til transport over Middelhavet og mottak i Europa. Her håvar ikkje minst profittørane inn store summar, noko som styresmaktene burde sjå nærare på og kutte bort.   

Vedkomande "flyktning" seier at han har vener som han ynskjer å få hit. Desse "flyktningane" skulle vore enten i, eller i nærmaste område, slik at dei kunne bistå sine landsmenn i ein naudsituasjon. Også det at dei, når freden kjem, skal vere heime å bygge oppatt etter dei øydeleggingane som borgarkrigen har førd til burde vere viktig å ha i tankane.

Det burde kjennast som ei skam å gå rundt i Europa og Noreg å leve i fredfull luksus medan eige folk lir i heimlandet eller i flyktningleirane. Same synspunkt meinar eg må gjelde også for afrikanarar som tek frivilleg ein "fårefull" veg til Europa. 

Og kva med å ofre seg for sitt eige folk i flyktningleirane i nabolanda sjølv om slik idealisme ikkje ville føre med seg anna enn blod, svette og tårer? Her ville verkeleg vere gjevande oppgåver for desse som kallar seg flyktningar!

Kven kan reise til andre land og andre folk og krevje kost og losji og at andre skal skal ta seg av dei? Slikt ville eg kjenne på som ei skam!

Norvald Aasen,
6983 Kvammen


UNDERSKRIFTSKAMPANJE
Nei til å flytte finanstilsynet til EU
Nå må folket våkne før all makt er sneket ut av Norge gjennom bakdøra på Stortinget! De folkevalgte har bestemt at de vil flytte hele finanstilsynet til ESA i Brussel. Dette innebærer myndighetsoverføring til EU og avståelse av norsk suverenitet som krever 3/4 flertall etter Grunnlovens §115. Det er første gang siden 1992 at paragrafen tas i bruk. Flere juridiske eksperter har advart mot å gjøre dette, da det potensielt strider mot Grunnloven og får presedens for andre områder. Likevel vil Stortinget hastebehandle suverenitetsavståelsen uten en offentlig utredning. Skriv under på at du fortsatt vil ha et fritt og selvstendig Norge!
Støtter du denne kampanjen? 
Trykk JA, jeg vil skrive under