Til Herr sjefsredaktør Espen Egil Hansen, Aftenposten

Av Norvald Aasen.

Gjenpart til Kulturministeren og Erna Solberg.

Statsmakta mot Facebook den 31.10.2016.

Det var då svært så stort du slo på stortromma overfor Facebook sjefen. Du takka for at Erna Solberg hadde engasjert seg i saka, og dette var ein trussel mot ytringsfriheita og vårt demokrati, skal du ha hevda. Ja, de er svært så påpasselege når det gjeld dykkar eigen ytringsfriheit, men når det gjeld vanlege folk sin rett til å ytre seg er det ikkje så nøye.

Minner om Jan Høeg som vart i lagd ei bot på 10000.- kroner for å ha uttala til ei muslimsk kvinne i Larvik at hijab bruker vi ikkje i Norge. Same no med saka mot kvinna frå Sandnes som sit for retten for ikkje å ha vore audmjuk nok med omsyn til muslimar.

Nei, Linda Helleland, sjå på det som er trugsmålet mot ytringsfriheita og "demokratiet" for folk flest. Dykk er det ikkje så nøye med, de når nok alltids ut der de vil! Og de kneblar meir enn gjerne oss vanlege folk og straffar oss for våre ytringar. Dette er det som vert kalla "eit demokrati som det norske"!

Ikkje stilreint skrive korkje på nynorsk eller bokmål, men det betyr ingenting!!!!!!

Norvald Aasen.

Til Herr sjefsredaktør
Espen Egil Hansen,
Aftenposten


På Dagsrevyen den 31.10. 2016 er eit innslag der Aftenpostens sjefsredaktør har møte med sjefen for Facebook. No skal det ryddast opp for Aftenposten og Erna Solberg har fått sladda bilete som dei har lagd inn på nettstaden. Og Facebook sjefen har berre å krype til krossen i møte med den mektige norske mediamakta!

Men så, herr sjefsredaktør, uttalar du at Facebook både er ven og trugsmål mot ytringsfridomen!

Eg vil påstå at norske media, herunder også Aftenposten, sjølve er største trugsmålet mot ytringsfridomen. De har laga reglar som gjer at de kan utestenge ytringar som strid mot dykkar eigne politiske meiningar. Her tenkjer eg på Norsk Journalistlag sine retningslinjer for det fleirkulturelle Norge, visstnok kalla noko sånt som "Mangfold eller enfold". I tillegg har dei skaffa seg ein "ankeinnstans" for dei som kjenner seg urettmessig handsama av media, som vert kalla PFU. Dette organet er etter det eg meinar, og etter dei røynslene eg har med PFU, berre eit skalkeskjul. Der finn vi også folk frå pressa og andre som verkar meir lojale mot overmakta og sitt eige miljø enn å vere sjølvstendige. Pressa sin eigen "Vær Varsom" plakat har eg ofte vist til når eg meinar å vere urettvis utestengd med ting som jamvel var rettinga av feilaktige påstandar frå media/pressa. Då har det vist seg at desse punkta i plakaten ikkje hadde noko verdi. Media gjer som dei vil! 

Medan Egil Sundar var redaktør i denne avisa hadde eg fleire innlegg i avisa. Men det var før A-posten vart det eg kallar ein filial av Klassekampen. No får vi høflege svar med innlegga i retur, og forklåringa at de får så stor tilgang at de ikke kan ta inn innlegget, jamvel om det er på berre få linjer. Men skribenten veit at det er tankane og meiningane i innlegga de ikkje likar! Mange aviser har sendt krasse e-postar til ulike avsendarar med beskjed om at innlegget ikkje vert trykka så det er berre å slette avisa frå adresselista.

Er det dette som er å vere ven av ytringsfridomen, herr sjefsredaktør?

Truleg ser norske media på Facebook som ein fåre, slik at dei som norske aviser og andre media stenger ute, likevel vil få mogelegheit til å nå ut til publikum. Det er dette eg trur som norske mediafolk ikkje ønskjer skal skje.

Media vil påverke opinionen sjølv og vil ha full hand om det.

Eg vil gjerne minne redaksjonen og sjefsredaktøren på artikkel 19 i FNs internasjonale konvensjoner om menneskerettigheter. I punkt 2 står det fylgjande;"Enhver har rett til ytringsfrihet, denne rett omfatter frihet til å søke, motta og meddele opplysninger og tanker av alle slag, uten hensyn til territoriale grenser, enten i muntlig, skriftlig eller trykt form, eller ved kunstnerisk eller andre uttrykksmidler etter eget valg". (Sitat slutt)

Med dei røynsler eg og mange med meg har av aviser og andre media i Norge, og som vi ser har endra seg til det verre år for år gjennom dei seinaste tidene, så er det klårt for meg kven som er største trugsmålet mot ytringsfridomen. Og det er korkje Facebook eller dei frie nettstadane! Takk og pris for at vi har desse!

Norvald Aasen,
6983 Kvammen