Til Geir Toskedal - "Mindreårige" osv.

Av Norvald Aasen.

Til
Geir Toskedal, krf.
stortinget.

Eg vil kommentere ditt utspel på Dagsrevyen i går den 6.des. 2016 om di og Krf si uro for desse "mindreårige" som sit "for lenge" på asylmottak, slik Krf og "Redd Barna" hevdar.

Eg meinar at brakkebaronane som håvar inn millionar på å huse dei får ta vare på gjestane sine medan dei ventar på heimreisa!

No synes eg de må begynne å tenke på kva framtid de legg opp til for oss nordmenn. Vi er då berre eit lite folk på mindre enn 4 mill. nordmenn og samar.

Kan det vere rett at de skal gje den vide verda signal om at det berre er å sende sine avkom til Norge, og at det er vi nordmenn som skal fostre dei opp? Tenker de i det heile på fylgjene av den politikk de legg opp til?

Eg har hatt betre forståing av deg, Toskedal, enn dei andre i krf til saman. Men vart svært skuffa av at du gjekk ut å støtta denne såkalla "Redd Barna" sin aksjon og deira uro for framande born som vert sende til Norge på spekulasjon.

Eg kan ikkje minnast at denne organisasjonen nokon gong har uttrykt uro for dei tusener av norske born som har lidd urett og vore vanskjøtta av det norske samfunnet? Heller ikkje har eg høyrt dei kjent uro for dei tusener av norske born som har måtte bøte med livet i mors mage?  

Her har styresmaktene heilt frå slutten av 1970-talet laga ei lov som gjer det rett å utføre folkemord på vår eigne born, og som motvekt til dei som vert fjerna startar ei masseinnvandring til landet. Det kan då ikkje vere tvil om at det er eit ønskje om å utslette eit gamalt folkeferd med ein slik politikk.

Ta ei oppteljing i Krf og finn ut kor mange tusen som har vorte teke livet av frå då abortlova vart innførd og kjempa fram av m.a Gro Harlem Brundtland. Då kan de rekne forsiktig med omlag 15000 foster årleg, og i tillegg kan de rekne at dei 20 eldste generasjonane sjølv ville vore i foreldregenerasjonen og sett nye born til verda. Dette vert høge tal som vert fjerna frå våre slekter, Toskedal!

Når eg tenker på dette er det grotesk å høyre om at vi treng innvandring for å halde oppe folketalet i Norge. Og så er de uroa for at framande ungdomar som er sende hit på reine spekulasjonar ikkje vert teke nok vare på. Kan du ha samvit til å vere med på ein slik politikk, Toskedal? At Krf elles har samvit til dette, har vi skjønt. Der er framleis omkvedet at vi må få en meir human asyl- og innvandringspolitikk. Humant for kven, spør eg? 

Det de skulle gjort når det gjeld desse såkalla "mindreårige", nokre av dei langt opp i 30-åra, var å sende dei tilbake til dei som har hatt råd til å sende dei til Norge og vår verdsdel. Der er framleis millionar av menneske som bur i desse landa, og det er slik det må vere i ei verd som har altfor stor folkevekst. Dei må vere der dei er fødde og høyrer til! Om verda er gal så kan det ikkje vere rett at andre samfunn skal dragast med i dragsuget. Dei ville kjent seg heime hjå sine eigne, både med språk, kultur og folkeferd, og kunne vore med å utvikla betre levekår for eige folk. 

Norvald Aasen,
6983 Kvammen