Av Norvald Aasen.
Retting:
I samband med meldinga om det tragiske drapet på den russiske ambassadøren i Ankara den 19.12 2016 uttala nyheitsopplesarane at attentatmannen hadde ropa "Gud er stor".
Eg trur de her har teke feil enten med vilje eller av uvitenheit. Eg er rimeleg sikker på at attentatmannen ropa "Allah er stor". Då burde de også sitere rett!
Vi ser i andre samanhengar at NRK alltid vel å tekste feilaktig uttrykket "Allah" med Gud. Når muslimar roper "Allah er stor" eller "om Allah vil", så vert tekstinga omsett til "Gud er stor" eller "om Gud vil".
Som lisensbetalar ser eg meg rett til å påpeike klanderverdige tilhøve i det mediet eg betalar for. Og det undrar meg om ikkje både NRK, Kringkastingsrådet og PFU påpeikar slik feilaktig formuleringar. Om det då ikkje er medvite og planlagd feilaktig språkbruk med ynskje om å påverke publikum slik media vil?
Den nemnde praksis frå media og NRK vil eg tru har som baktanke å forme den oppfatning at dei kristne sin Gud og muslimane sin gud er eitt og det same. Dette meinar eg, og mange med meg, ikkje er sant! Saka dreiar seg både om manglande ærlegheit og desinformasjon til sjåarar/lyarar, slik eg ser det.
Elles så kan eg nemne at eg synes det er rørande når norske venstrepopulistiske politikarar og journalistar er opptekne av menneskerettar og yrtingsfridom i t.d Kina medan dette ikke verkar å vere noko stort tema på heimlege trakter. (Dagsrevyen 19.12. 2016.)
Norvald Aasen,
6983 Kvammen