Til Cato Husabø Fossen, Nrk
Viser til innslaget om klima og forbruk av verda sine naturressursar på Dagsrevyen den 29. juli, 2019.
Eg merka meg, og det gjorde sikkert mange andre også, at du ikke våga å nærme deg, eller nemne, elefanten i rommet, nemleg folkevandringar og den eksplosive folketilveksten i mange u-land.
Ved folkevandringar i våre dagar med ein stor verdsbefolkning er vel folkevandringar til industrialiserte samfunn, som t.d. Noreg og dei fleste andre land i Vesten, med på å auke forbruk med påfylgjande forureining og forsøpling. Ein kan ikkje forflytte millionar av menneske til vår del av verda utan at ein samstundes aukar forbruket som desse menneska vil finne rom for grunna gode trygdeytelsar og høge løner. Ein treng ikkje arbeide for å kunne ha eit høgt forbruk, det syt dei sosiale ytingane for. Men nett desse viktige elementa held både du og Bård Vegar Solhjell godt skjult og tåkelagd i dykkar reportasje.
Solhjell nemnde også at natura og klima grip inn i alle ting som omgir oss, men som naturleg er for ein representant for eit politisk parti som arbeider for auka folkevandring til Noreg, nemnde han ikkje korleis slike vandringar påverkar klima, miljø og naturressursar i mottakarlanda.
Eg vil heller ikkje unnlate å nemne at dei aller fleste media, også Nrk, argumenterar meir enn gjerne for Noreg som innvandringsland, og legg ikkje band på seg når det gjeld å traksere, hetse og latterleggjere personar og grupper som argumeterar for at tida med folkevandringar snarast må ta slutt. Dette ikkje minst for å redde klima, natur og oppretthalde nasjonale samfunn som ynskjer fred og fridom.
Folkevandringar har alltid ført til at tidlegare samfunn med tilhøyrande folkegrupper har vorte destabiliserte, folkegrupper har vorte fortrengde og i visse tilfeller forsvunne. Det verkar rart for meg at nærmast ei samla venstrevridd media i Noreg og Vesten ynskjer seg fleire døme på slike samfunns- og folkeoppløysingar.
Det ville vel også vere eit gode for klimaet om politikarar og mediafolk fresa mindre rundt vår klode med forurensande bilar og fly. Og ein innhenta framandbefolkning ville ha mindre trong for lange feriereiser til sine heimland om dei fekk lov å vere i sine eigne land og bygge desse til gode framtidige samfunn for seg og sine.
Alt tel her, Cato Husabø Fossen!
Norvald Aasen, indre Åsen, Brekka 115, 6983 Kvammen
Tel: 57731844
(Brevet er også sendt til ulike nettstadar der vi i våre dagar får lov til å uttrykke eigne meiningar og å få meir sannferdig informasjon enn det dei tradisjonelle media er villege til å gi oss)