Slutt med dette tåpelege "integreringspratet"

Av Norvald Aasen. 

Til Herr Justisminister J. Kallmyr. 

Innslag på Dagsrevyen den 30. juli i høve masseslagsmål i Oslo.

Eg har hatt stor tru på deg som justisminister, Kallmyr, og meint at mange av dine avgjerer har skapt von for ei tid, i alle fall. Men som vi veit så kan nye kostar som kjem seinare øydelegge meir enn dei ryddar.

Men i dagens innslag om valdsgjengane med innvandrarbakgrunn så meinar eg det ikkje handlar om "integrering". Dette integreringspratet er til å verte lei av. Det vert så tøvete. Nyleg stod ein politimann i Oslo fram og unnskylda ungdomsgjengane med at det skuldast "trangboddhet" og "fattigdom". Når gjengane får slike unnskyldningar frå politiet så kan dei jo berre halde fram med ugjeringane.

Saka er den, herr Justisminister, at desse gjengane skulle aldri vore her i landet. Vi ser det same skje i andre land i Vesten som har lete grensene stå vidopne for fri ferdsel. Land som har drive denne såkalla "integreringa" gjennom lange tider opplever same problema som det vi ser utvikle seg i Noreg. Sverige skulle vere eit godt døme på kva denne framandinnvandringa fører med seg. Og deira integrering har vel ikkje gitt store resultat, sjølv om det har kosta dei mykje.

Det er folk flest som må lide, ikkje politikarar og maktmenneske som unnskylder og glattar over det desse innvandrargjengane gjer. Ein svært sjeldan gang får vi vite at det er desse unge innvandrarane som står bak ugjerningar. Det blir for det meste glatta over både frå media, som Nrk, TV2 og dei aller fleste andre, og i beste fall fortalt at ugjerningsmennene er "norske statsborgarar". Vi skal altså ikkje få vite kva vi som folk må leve med i framtida og som makteliten meir enn gjerne ser at vi skal tole og teie over.

Etter masseslagsmålet i Oslo den 30/7 uttala politisjefen som var intervjua at i denne "isolerte saka" var det ungdom med innvandrarbakgrunn som stod bak herjinga. I denne "isolerte saka", spør eg? Det er så mange "isolerte" saker  innvandrarungdom står bak at det kan slåast saman til det aller meste. Han kunne teke med knivstikking, skyting på opa gate, vald, ran og bilbrannar med meir. Då er ikkje denne hendinga i Oslo der politiet fekk nok å hanskast med noko isolert tilfelle, det er nesten det vanlege. Så kan politiet halde fram å fortelje oss at det er "trangboddhet" og "fattigdom" som er grunnen til det som skjer. Men politifolk har vel fått innføring i korleis dei skal uttrykke seg frå sin eigen professor, Tore Bjørgo? Så får heller den vanlege kvinne og mann ved sjølsyn sjå korleis media og makta lyg!
   
Er dette verdas beste land å bu i, i såfall for kven? I alle høve ikkje for oss som har våre historiske og kulturelle røter her. Men for dei som får herje fritt i landet vårt er det nok verdas beste land å bu i!

Kjære deg, Kallmyr, slutt med dette tåpelege "integreringspratet" som vi no har høyrt gjennom årtider. Kor mykje skal vi betale for denne frie ferdselen over grensene og på dette komiske "integreringa" sitt alter?

Med helsing

Norvald Aasen, 
6983 Kvammen