Av Norvald Aasen.
Til Midttømme, Møre biskop.
Ser deg igjen i kveld på dagsrevyen (15.04. 2020) der du tenner lys og fremjar nye krav om at Noreg skal opne grensene for dei som vil utnytte det som andre nasjonar har bygga og skapt gjennem uminnelege tider.
No er det jo slik at ditt ord ikkje ville vege tyngre enn kva mitt ord gjer om Noreg var et demokrati og ein rettstat. Men ein slik stat er ikkjøæe Noreg lenger takka venstresida og deira "biskopar" sin kamp for avhending av landet mitt til framande.
Du tenner lys og krev kva "biskopane" og resten av venstresida vil ha for at utskiftninga av Noregs gamle folkeferd kan skje så fort som råd er. Har du nokon gong tent lys til omtanke og omsorg for Noreg og nordmenn?
Ein av dei som deler "biskopane" sitt syn er tydelegvis Thomas Hylland Eriksen, som seier at "den siste kvite flekken består i å dekonstruere majoriteten (oss) og gjere det så grundig at den aldri meir kan kallast ein majoritet". (eg har sitatet på prent). Det er nok "høgverdige" mål ventresida og deira allierte i kyrkja kan skilte med.
Pakistanaren Kalid Salimi uttala for nokre år sidan "at dei nordmenn som vil kjempe for det gamle Norge vil måtte tape kampen". Igjen ein alliert til "biskopane"? (Også dette har eg på prent)
I kveldens intervju på eit av dykkar mange mikrofonstativ i media, NRK, seier du at desse migrantane i Moria-leiren skal hentast "heim". Noreg er ikkje deira heim! Om de migrantaksjonistar ville hjelpe dei heim, så ville det vere prisverdig, for det er i deira heimland dei trengs til hjelp og bygging for eigne folk og land. Men det ville då vere eit skår i gleda for både "biskopar" og andre asylinteressar, nemleg at profittørar av ulik profesjon og interessar ikkje ville få fyllt opp sine bankkontoar slik dei har vore vande til har skjedd gjennom dei siste 30 åra - og vel så det.
For min, og Noregs, del ville eg meine at det fekk så heller vere. Desse har tjent nok på framandgjeringa og avhendinga av landet mitt!
Sist eg skreiv til deg så påpeika du di misnøye med at eg sette biskopar i gåsauge, det gjer eg framleis av den greie grunn at eg ikke ser at "biskopane" i vår tid represeterar mi kyrkje og min religion, og slett ikke mitt land -Noreg!
Norvald Aasen,
6983 Kvammen