Straum "krisa"

Fra Norvald Aasen. 

Til Olje- og energistatsråd Aasland. Regjeringa

Eg les på Nettavisen at du seier at det er Statskraft som må redde oss under straumkrisa.

Vil du fortelje meg og oss nordmenn - og då meinar eg vi nordmenn - at Statkraft er høgaste politisk myndigheit på dette feltet? Du som sit i statsrådposisjon i regjeringa har altså Statkraft over deg? At du ikkje skammar deg over å komme med slik ansvarsfråskrivelse. Det er eit politisk komplott som føregår i Europa der Marrakesh dokumentet vart underskrive av ei rekke land, også av Norge. Dette inneber at Europa skal verte oversvømd av migrantar , helst frå sør og sør-aust. Med ein så stor folkeauke i vår allereide overfolka verdsdel så har altså då Norge teke på seg å syte for at norsk natur og naturverdiar vert brukte til å skaffe straum til den nye migrantbylgja som politikarane i Europa har planlagd ved sitt Marrakesj dokument.

Denne politikken er det også som ligg bak all vindkraft utbygging på sjø og land og der lokalbefolkninga ikkje har noko dei skal ha sagt om korleis dei vil ha tilhøva i sine nærområder. Denne politikken skapar semje millom alle partia, men der folket er utelate slik det har vore gjennom dei 500 åra vi låg under andre statar. No er det EU som vi skal trykkast inn i på tross av at vårt folkefleirtal ved to høve har sagt Nei til å vere mjølkeku under eliten i Brussel og WEF i Davos.

Og for å seie det rett ut, herr statsråd: Vi har inga straumkrise i Norge, men vi har ei politikarkrise, og den siste krisa vert berre større og større!

Og på toppen sit Gahr Støre og skal "vurdere" situasjonen nøye, vert det hevda. Då han var Helseminister under AP-regjeringa under Stoltenberg, så skulle han snu alle steinar for å finne ut kva som var galt i helsesektoren. Men vi fekk aldri vite kva han fann under alle desse steinane som han visstnok freista å snu på. Vår tids offisielle politikk går ut på å halde folket for narr og lure oss trill rundt på alle områder. Slik er styresmaktene sitt Nye Norge.   

De driv så mykje bortforklåringar og bedrag i denne tida med straum- og drivstoffprisar at de ikkje er til å stole på innan noko felt. "Straumkrisa" kan avsluttast på dagen om de vil bry dykk og demontere straumkablane til EU og utlandet. Når konsernsjefen i Statkraft fryktar at Tyskland ikkje vil levere straum til Norge til vinteren så vert eit slikt utsegn vanvittig, men det fortel oss litt om kva som skal til for å verte direktørar og konsernsjefar i vårt skakkyørde land.

Alle som vil forstå veit at det å tømme kraftmagasina for det som skulle ligge der til kriser og turketider, for så å få dyr straum tilbake når magasina er tomme, og det frå land som ikkje har nok straum til eige forbruk, er påstandar som ikkje heng på greip. Undateke må vere slike greipreidskapar som politikarane og blå/rødrussen nyttar. Kvifor skal Tyskland få overført straum frå Norge når dei likevel kan levere oss igjen av eiga kraft?

Massemigrasjon til Europa, stadfesta gjennom Marrakesjdokumentet som vart prøvd å lirka inn bakdøra utan at folket skulle verte kjende med saka, ligg til grunn både gjennom Acer og andre suverenitetsoverføringar til EU. Og her er det altså at den påståtte "straumkrisa" vert grunngjeva. Eg skal nøye meg med å kalle slik politikk medvite svindel, for det rette uttrykket ville gje eliten grunn til å stenge kjeften min for resten av livet. Slik er Støre sitt "store Vi" og Erna sitt "Nye Norge".

Norvald Aasen, indre Åsen, Brekka 115, 6983 Kvammen (Sogn og Fjordane fylke)

Kommentarer