Gassledninger i Østersjøen?

Frå Norvald Aasen. 
Til Øystein Steiro. 

Eg har hatt stor glede av å lese dine artikklar på resett gjennom åra. Når det gjeld gassrøyrledningane som vart sprengde i Østersjøen vart vi vel tekne litt på senga mange av oss, også eg. Og vi vart vel rivne med av omtalene frå mange hald. Eg stiller 3 spørsmål:

Er det truleg og naturleg at Russland ville øydelegge gassledningane ute i havet når dei sit med gasskranane og kan stenge av når dei vil? Mitt svar når eg har tenkt meg om er Nei!

Er det truleg at Russland ville øydelegge ledningane der dei kunne levere gass til EU/Europa til vinteren når desse landa hadde mest bruk for gass og Russland ville få inntekter av gass salget? Eg trur, Nei!

Er det truleg at andre, til dømes Ukraina og USA, så seg tjent med å øydelegge røyrledningane for å hindre at Russland fekk desse inntektene? Ja, det trur eg.

Vi skal hugse på at Vesten også Norge driv økonomiske straffetiltak mot Russland og vil sjå desse gass inntektene for Russland som noko som måtte stoppast, i tråd med sanksjonane som vert drive mot landet.

Etter meir enn 20 års samanhengande krigar rundt i verda skal vi ikkje tru at NATO, USA og Vesten er utan svin på skogen. Dei starta i Serbia og har sidan drive krigar rundt om i store deler av verda. Eg sit med ein notis frå Aftenposten (før avisa vart ein filial av Klassekampen) den er frå 7. januar 2000 og fortel at "NATO manipulerte Kosovo-film" for å unnskylde seg fra då dei bomba eit tog som var ute på ei bru og der 14 menneske vart drepne. Til sist kunne talsmann for NATO vedgå at dei hadde køyrd filmen i 3 ganger hastigheit grunna at dei hadde tekniske problem. Dei hadde ikkje tekniske problem med krigføring, men det hadde dei når det gjeld å spele av ein video som skulle skjule eit brotsverk.

Eg har tillate meg å skrive dette til deg vedrørande kva eg trur som var grunn, og ikkje grunn, til å sprenge gassrøyra i Østersjøen. Som gamald antikommunist så har eg likevel merka meg årelange skuldingar og hets mot Russland og denne hetsen minner meg om det som skjedde overfor Serbia og Milosevic i 1999. Det var den gangen eg fekk augo opp for at NATO og Vesten var reinspikka kjeltringar.

Håkon Blankenborg, AP og stortingsrepr. uttala på Dagsrevyen den 21/5 1999: "Enig og tro til Milosevic faller". Seinare vart han ambassadør for Norge i Serbia. At dei ikkje skammar seg!

Med helsing Norvald Aasen, 6983 Kvammen (Sogn og Fjordane fylke)

Kommentarer