Listhaug skammer seg

Av Norvald Aasen. 
Foto: Terje Pedersen / NTB. 

Til Sylvi Listhaug, Frp, stortinget

Det er lenge sidan eg skreiv til deg sist, og det er greit, for eg har mista trua på deg og ser ikkje lenger på deg som den lysande stjerna på den politiske himmelen som også eg hylla for ein del år sidan.

No ser eg at du skammar deg over å vere norsk, dette vistnok sidan Sør-Afrika skal ha militærøving saman med m.a. Russland i havet ved Sør-Afrika.

Eg synes det ville vore meir nærliggande om du skamma deg over at Norge kanskje har vore med på å sprenge andre statar sine gassrøyr i Østersjøen, og som har frårøva Europa billeg gassforsyning. Eg synes også det ville vore meir naturleg at du tok opp ei slik sak i stortinget for å få klårheit i om norske militære og politiske styresmakter har vore med på ein slik terroraksjon, og i so fall få stille dei som har vore med på dette til ansvar. Men i staden vel du altså å bruke di tid på kritikk av militærøving i Det Indiske Hav som ikkje har noko med Norge å gjere. Og kven er det Norge driv militærøvingar saman med til stadigheit? Er det slike som har drive krigar samanhengande i meir enn 20 år med død og øydeleggingar der dei sette sine føter, dei starta i Serbia i 1999 og avslutta med Flukta fra Kabul i 2022. For så å halde fram krigshandlingane i Europa? Og ikkje berre har Norge vore med på militærøvingar saman med slike statar, men vårt vesle og skakkøyrde land har også delteke i slike krigseventyr! Jau, Sylvi Listhaug, eg meinar du har mange ting i di politiske karriere som gjev deg god grunn til å skamme deg!

Burde heller Norge og du skamme dykk over at når desse gassrøyra vart øydelagde så er det Norge som tener stort på gassalg til EU? Altså vårt kjære Norge som krigsprofitør!

Eg synes også du skulle skamme deg over at du var med på å binde norsk elkraft til Acer, også FN sin migrasjonsplan var du vistnok også med på å stelle i stand. Alt dette til skade for landet og folket vårt.

Kva skal vi med fleire politiske parti når alle står for det same, og der berre namn og politisk farge er ulik, men elles er alle heilt like. Desse vert no kalla stortingspartiet, og med rette!

Norvald Aasen, indre Åsen, Brekka 115, 6983 Kvammen

Kommentarer