Demografi innhenter oss

Fra Norvald Aasen. 


Til statsråd Ola Borten Moe, regjeringa

I avisa Norge i Dag nr 27 -2023 kan eg lese at du er uroa for at vi ikkje har nok arbeidskraft i landet. "Vi har penger". "Men mangler folk", les eg at du seier.

Men Ola Borten Moe, kvar har det vorte av vår eiga arbeidskraft? Har ikkje SP vore saman med dei andre partia for å praktisere abortlova som fru Brundtland gjekk i spissen for å øydelegge landet med? Eg skal nemne for deg eit lite og enkelt, dog grufullt reknestykke: I snart 45 år har det vorte fjerna ca 12000 til 15000 born av vår eiga ætt årleg - tenk det, årleg. Om du seier 15000 foster årleg i 45 år då kjem du til eit grufullt tal, over ein halv million av våre born som ikkje fekk lov til å leve opp eller ikkje engong verte fødde! Så kan du også ta med at i alle høve dei 20 eldste årsklassane sjølv ville vore i foreldregenerasjonen og skaffa deg, landet og oss alle den arbeidskrafta vi trong.

For ikkje lenge sidan fortalde Erna Solberg at også ho hadde stått på barrikadane som pressa gjennom lova, fordi kvinna skulle bestemme over eigen kropp, som det heiter. I mine øyrer høyres det grufullt ut som argument. No seier den same fru Solberg at vi må føde fleire born, det vil ho nok få i massevis, men dei vil vel i stor grad ikkje vere norske. Det ynskjer ho visst heller ikkje, for i 2020 var ho i Tyskland og fortalde verda at om vi støttar dei vestlege verdiane om at alle er like, så har alle andre same retten til dette landet som det vi har, sjølv om vi har våre gamle slektsrøter til landet. Dette er ei så uhyrleg utsegn at det ikkje er tvil om at også ho vil skifte ut vårt folkeferd, slik dei aller fleste politikarar i dag ynskjer. Men har dei spurt oss nordmenn om vi vil miste landet vårt og avgå ved døden som folkeferd? (Filmen som viser dette panelet med Erna og nokre andre leiarar finns på nettet) Kva dei andre meinte om slik tale veit eg ikkje, men ho ville vel gå lengst når det gjalt å gi vekk landet vårt? Norske politikarar vil helst vere spydspissen når det gjeld å skaffe seg sjølve merksemd.

Fru Brundtland fekk slege denne lova gjennom, av henne som av alt vart kalla lege, og det var også ho som i 1986 tok over roret og opna for masseinnvandringa fra ikkje-vestlege land. Under eit AP-landsmøte for nokre år sidan vart fru Harlem Brundtland hylle for å ha klart å få gjennom abortlova, Støre stod på talarstolen og ropte til henne: "Er du der Gro". Ho skulle kome fram for å verte hylla for at ho klarte å få gjennom ei lov som har teke frå Norge kanskje rundt 1 million av vår trengde arbeidskraft. Og dette er altså dei som leiar Arbeidarpartiet. Ser du samanhengen her, Ola B. Moe? Ein drep ned vår eiga ætt og slekter for å framandgjere landet med "arbeidskraft" eller "turistar" frå fjerne og framande kulturar, religionar og framand etnisk tilhøyrighet! Minner her om at dei fyrste pakistanarane som trengde seg inn i Norge kom som "turistar", men som ikkje reiste tilbake til landet sitt. Eg kan skaffe deg boka av Magnhild Ullsvik Hansteen: "Norge for nordmenn? Skriften på veggen". Der vert sanninga om det som skjedde fortalt.

Eg har sendt liknande brev til statsråd, Kjersti Toppe, sjølvsagt utan å få svar. Dei på øverste trinn i samfunnet bryr seg lite med kva folket meinar, om det då ikkje er skryt vi framfører, vi skal berre vere veljarar og deretter teie og samtykke. Har også sendt brev til Per Lundteigen, men då eg ikkje har gjeve han og partiet hans skryt, så har eg fått svar tilbake at eg kunne slutte å sende mine meiningar til han.

No merkar dei fleste land i Europa fylgjene av den framandinnvandringa som har vorte førd, og som Norge kunne vorte skåna for. Og som mange har åtvara mot utan anna enn kriminalisering og sjikane, og jamvel vald, for synspunkta. Men politikarane ville så inderleg bruke landet vårt for å vise seg fram i verda som klodens mest "godhjarta", sjølv om dette ville medføre nasjonalt sjølvmord og rasering av den nasjonalstaten som våre slekter gjennom tidene har bygd, stein på stein! Nei, folket har ingenting å bety når det kjem til eliten sine ynskje om eigen status og merksemd ute i verda. Mitt ærlege syn er at politikk er noko svineri, i alle fall slik den vert praktisert i vår tid  - og i gamle Noreg, landet mitt!

Norvald Aasen, Brekka 115, 6983 Kvammen 

Kommentarer