...og kvil dykk litt!

Av Ludvig Hope

Apostlane samla seg atter hjå Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort og alt dei hadde lært folket. Då sa han til dei: «Kom med meg til ein øydestad, der me kan vera åleine, og kvil dykk litt!» Mark 6, 30-31

Jesus har ikkje berre bedt folket sitt å gå med han til arbeid, han har òg sagt at me skal vera med han og kvila oss.

Det er nok så at mange av oss er tunge på foten når me skal følgja Jesus til arbeid. Men er det ein kristenkunst å arbeida for frelsaren vår, er det ikkje mindre kunst å gå av stad med han og kvila. Det er slett ikkje Guds meining at me skal arbeida alltid. Den som gløymer å kvila, vil snart bli udugeleg til arbeid.

Dette nervøse jaget i arbeidet for Guds rike slit meir på oss enn me sjølv trur. Me får ikkje vera i ro korkje i heimen hjå våre eigne eller i bønnerommet saman med Gud. Det ville sikkert vore til mykje større nytte for det arbeidet Gud gav oss, om me meir fann vegen til å kvila saman med frelsaren vår. Me skal merkja oss at det var då apostlane kom og fortalde om alt dei hadde gjort, Jesus sa at no måtte dei av stad og kvila seg. Når me tek til å fortelja andre om det me har gjort, er det sikkert på tide at me kjem åleine med Jesus. På øydestaden i lag med han åleine vil me sjå at me prisa oss sjølv mest då me la ut om kva me hadde gjort.

Når han på nytt har reinsa hjarta, ser me kor mykje slagg det var i gullet. Kom difor i hug å kvila saman med Jesus, du som arbeider for han!

Gjer meg stille, gjer meg stille,
gøym meg djupt i dine sår!
Då det aldri går meg ille,
kor det enn i verda går.
:/: Ved din nåde :/:
heim til himlen dua når.

Kommentarer