Demokrati – eller klanstyre

Av Jostein Sandsmark. 

Me rosar oss over å ha eit demokratisk styresett her i landet og grammar oss over statar der klanveldet rår, og urettferd og vanstyre dominerer.

Men – kva liknar det når me ser kva våre rikspolitikarar føretek seg av politiske tiltak – ofte i mot folkeviljen?

Demokrati betyr folkestyre – at det er folket som skal styra politikken i samfunnet.

Men me opplever at folks tarv og ynske, meiningar og val blir lite påakta. Me får direktiv og pålegg, forordningar og krav lagt på oss ovanfrå av myndigheiter som korkje er valde av folket eller har vår velferd som førsteprioritet.

Men skal ikkje våre sentralpolitikarar vera tillitsvalde personar plukka ut etter folkeviljen? Nei, her er det klankulturen som har teke over. Det er gruppa, dei politiske partia som dannar vår tids riksstyre.

Partia set opp vallistene, og me må berre stemma inn dei som er oppstilte. Om nokon av desse syner seg å vera inkompetente eller snuskete i moralen, så har dei teke bort den tidlegare demokratiske retten til å stryka ein kandidat av lista – og klanveldet er iverksett.

Klanstyre er epotisme (partibok, venskap, familie, sponsorar) praktisert. Omsyn og fordelar til slekt og vener, kolleger og sponsorar kjem i første rekkje. Velferden for folk flest vert tilsidesett. «Nå er det vanlige folks tur», sa ein mann med makt. Vår tur til å bli ribba?

Alle i Stortinget dekkar kvarandre, og om nokon blir avslørt for snusk og «feil», og det er skikkeleg gale, blir dei berre flytta ut av synsfeltet til ein annan post i systemet. Dermed blir det innavl og kameraderi i politikarmiljøet, og vanlege folks tarv blir tilsidesett.

«Jeg tar ansvar og blir sittende», var Jens Stoltenbergs berømte utsegn etter Utøya-massakren. Men det var greitt å koma seg ut av synsfeltet, så han tildelte Obama Nobels Fredspris og vart til takk utnemnd til sjef for NATO. Justisminister Storberget, som hadde det tekniske ansvaret for politi og sikkerheitsvesen, trekte seg – og vart Fylkesmann.

Ministrane våre har ofte vist sviktande kompetanse i sine embete. Men verre er den sviktande moralen og den svake rettssansen. Dei skjems ikkje for å bruka triks og knep for å skaffa seg frynsegoder og privilegier.

For dei har makt og høve til lovleg å tilgodesjå seg med lønspålegg og frynsegoder. Politi og rettsvesen er blitt involvert i klankulturen, så tilmed Høgsterett kan få seg til å godkjenna tiltak som er i mot Grunnlova – dersom det skjer litt etter litt.

Det var nok ikkje merkantile vurderingar for ein god handel som låg til grunn då Støre i ly av stormen i Huitfeldt-saka gjorde avtale med Deutche Bahn om å levera 190 gigawatt til 3 øre KWh i ti år framover – og me må betala 100 gonger meir for vår eigen straum!

«Stol på meg», uttala Støre etter inngått avtale med ACER. «Strømprisen vil ikke øke med mer enn 3-4 øre».

Klimakrise og jordoppheting er den store snakkisen, men det er tillitskrisa og kompetansen til våre rikspolitikarar som er ulykka.


Jostein Sandsmark

Geilo

Kommentarer