Følg meg...

Av Ludvig Hope

«Følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» Matt 4,19

Mange kristne kjenner det som noko av det tyngste i livet at dei tykkjer dei får gjort så lite for Gud. I heimen vaskar og kokar ein, dag etter dag, år etter år, stundom heile livet, og når dagen er slutt, er det ingenting att av strevet. Butikkarbeidaren mæler og veg, kontorfunksjonæren skriv og reknar, fabrikkarbeidaren passar maskina og bonden slit i skog og mark.

Kva vart det av alt dette for Gud?

La oss høyra det Jesus seier: «Følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» La vera at det i desse orda ligg noko som særskilt gjeld dei 12, det er like fullt sant at kvar kristen som følgjer etter Jesus, blir ein menneskefiskar, kva plass han elles har i livet. I Guds rike er det ikkje spørsmål om kva arbeid me har, men om sinnelaget. Lever og arbeider me i Jesu ånd, og følgjer me etter Jesus, då gjer han oss til menneskefiskarar, det slår aldri feil. Den tanken at berre misjonærar, prestar og preikarar kan føra folk til Gud, er ein ukristeleg tanke. Det er diverre altfor mange av desse som aldri følgjer etter Jesus, mens arbeidaren vitnar om frelsaren sin i alt det han er og gjer.

Viss du og eg følgjer etter Jesus på denne måten, skal me gjennom liv og arbeid lokka andre til Jesus. Ta den trøysta med deg i dag, så blir du glad!

Lev for Jesus! Inkje anna
er då verdt å kallast liv.
Til den vennen framfor andre
hjartans første kjærleik giv!

Kommentarer