Rettferdig for Gud

Av Johannes Bakken

«Og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lovi, men med den som ein fær ved trui på Jesus Kristus, rettferdi av Gud, på grunn av trui,» Filipparane 3,9.

Eg aktar ikkje Guds nåde for inkje, for dersom rettferd er å vinna ved lovi, så døydde Kristus utan grunn, Gal. 2,21. Eg vil nevne nokre ord frå Bibelen om grunnen til Kristi død på Golgata. Me les i Rom. 6,10: For den døden han døydde, den døydde han ein gong for syndi, men det livet han lever, det lever han for Gud.

Jesus døydde i min stad som skrevet står: Den som ikkje visste av synd, vart gjort til synd for oss, så me skal verta rettferdige for Gud i han, 2. Kor. 5,21.

Den som vil tru dette, har ein sikker og stø grunn, ein kvileplass for sjeli i liv og død, og då kan me syngja som det står i ei gamal salme: «Nu har jeg funnet det jeg grunner mitt salighetens anker på, den grunn er Jesu død og vunder, hvor den før verdens grunnvoll lå. Det er en grunn som evig står, når jord og himmel selv forgår.»

Rettferdiggjort ved tru, har me fred med Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, Rom. 5,1. Han (Gud) ville syna si rettferd i den tid som er, så han kunne vera rettferdig, og gjera den rettferdig som hev trui på Jesus, Rom. 3,26. «Medan me endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudlege,» 5,6. Er du hjelpelaus, så kvil deg på denne frelsesgrunn.

I Fil. 3,9 seier Paulus det so fint: ... og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lovi, men med den som ein fær ved trui på Jesus Kristus, rettferdi av Gud, på grunn av trui.

Paulus seier det såleis i 1. Kor. 3,11: For annen grunnvoll kan ingen leggja enn den som er lagd, det er Jesus Kristus.

Be til Gud, så hjelper han deg til å finna denne grunn.

Kommentarer