La oss tru det!

Av Ludvig Hope

«Herre,» svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du stig inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så blir guten min god att.» Matt 8,8

Det er ein enkel, men høg kunst å gå gjennom livet på Guds ord. Det var denne kunsten Abraham hadde lært då han drog til det landet han ikkje kjende, og heldt fast på lovnaden med håp då alt såg rådlaust ut.

På Guds ord retta Moses handa si ut over havet, og det vart veg for Israel. På Guds ord gjekk Peter ut på eit stormfullt hav. Med ordet som grunnlag var det òg at røvaren drog frå krossen til paradiset og at offiseren for heim att og fann den dødssjuke guten frisk. Det var i tiltru til Guds ord at fangevaktaren i Filippi vart frelst med heile sitt hus og at kanaanitt-kvinna fekk barnet sitt berga frå Satans makt.

Kva skulle vera tryggare å byggja livet på enn Guds ord? Og likevel har me mykje lettare for å lita på eit stakkars menneske. Gud har sagt for visst at det Jesus har gjort til vår frelse, er fullkomme nok, men endå tvilar me og spør det svikefulle hjarta vårt om det er sant.

Gud har lova å vera far vår og at alle som søkjer hans rike først, skal få alt anna attpå, men likevel går me fulle av sorg og sut for mat og klede og for framtida. Kom, kristne, la oss vakna og skamma oss over at me har så lite tillit til Gud og ordet hans! Han held det han har lova. La oss tru det!

Kommentarer