Den ringaste av Herrens tenarar

Av Ludvig Hope

Eg som er den ringaste av dei heilage, har fått den nåde å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom. Ef 3,8

Det er ikkje som det skal vera når arbeidet vårt i Guds rike blir ei tung plikt. Men endå verre er det når me arbeider i Guds rike for å ha ein leveveg eller for å vinna ære og makt. Den såre klagen som Paulus fører mot somme av dei kristne i samtida, at «dei søkjer alle sitt eige», høver dessverre òg på mange den dag i dag. Når livsverket vårt skal gjennom domselden vil nok mykje av det me trudde var ekte, brenna som halm.

Det er Paulus som òg har skrive dei gripande orda me nettopp las: «Eg som er den aller ringaste av dei heilage, har fått den nåde å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom.» Me må kunna rekna med at Paulus var ein av dei største og beste arbeidarane Gud nokon gong har hatt. For Paulus var ingen ting viktigare enn å få kunna fullføra den tenesta han fekk av Herren. Seg sjølv akta ikkje apostelen særleg høgt.

Å rekna seg som den ringaste av Herrens tenarar i eigne augo og å halda det for ein nåde å få bera bod om han til andre, er eit sinnelag me burde ha i all vår gjerning. Og såg me, slik som me burde, det me sjølv er og det Gud har gjort oss til, då vart me små i eigne augo, og Guds nåde vart useieleg stor. La oss då be Gud om eit slikt syn og eit slikt sinn!

Så vil jeg deg tjene så langt jeg formår,
til skjelvende hender, til grånende hår.
Er synden meg besk, faller veien meg tung,
da styrk meg så sjelen lik ørnen blir ung!

Kommentarer