Sensur og propaganda i norsk skule

Av Tore Kvæven

Cirka 1 million europeiske slavar døydde eller vart drepne i muslimsk slaveri i Nord-Afrika. Deriblandt 3- 4000 nordmenn. Er det tilfeldig at dette er eit ikkje-tema i norsk skule?

For litt over eit år sidan, etter ein mindre augeskade og ei natt på sjukehus, vart eg køyrt heim frå Stavanger av ein palestinsk drosjesjåfør opprinneleg frå Gaza.
Halvannan times biltur medførte diverse diskusjonar.

M.a. om Hitler-Tysklands jøde-utryddingar. Sjåføren påstod at konsentrasjonsleirane var ei løgn dikta saman av jødane og europeiske støttepelarar, og at det ikkje finnst bevis for massakrane. Mine argument gjorde lite inntrykk og eg tenkte med meg sjølv at mannen truleg er offer for politisk propaganda, sannsynlegvis frå ung alder. Eg antok at det palestinske skulesystemet og lærebøkene på Gaza-stripa ikkje er nøytrale i si dekning av jødane si historie.

Her kan eg sjølvsagt ta feil. Eg har svært lite kjennskap til lærebøker og pensum på Gaza-stripa. Men i alle tilfelle var inntrykket at mannen verkeleg trudde på det han sa.

Ein annan debatt eg kom borti fylgde liknande linjer. Her var imidlertid temaet slaveri, og mine meiningsmotstanderar var etnisk norske. Min påstand at muslimane i mellomalderen dreiv med kvitt slaveri og at dei faktisk henta fleire kvite slavar frå Europa (i overkant av 1 million) enn antalet afrikanske slavar frakta til USA (i underkant av ein million) vart møtt med vantru. Heller ikkje påstanden at muslimane sin slavehandel frå Afrika til Asia var større enn den totale europeeiske slavehandelen frå Afrika til Amerika vart akseptert. Slike opplysningar var så grunnleggande på kollisjonskurs med det mine norske vener kjente til, at dei var uvillige til å tru på dei. Som palestinaren. Og som hans meiningar sannsynlegvis er eit resultat av propaganda i hans samfunn og skulevesen, mistenker eg at mange nordmenns kunnskapar er eit resultat av politisk tilpassa tankegods frå norsk skule og norsk samfunn.

I læreboka Midgard 6, samfunnsfag for barnetrinnet står: ”Når massemedia blir brukte til å styre meiningane til folk i ei bestemt retning, kallar vi det propaganda. …  propaganda har som mål å påverke meiningane til folk. Sensur og propaganda er typiske for land med diktatur.”

Dette er utvilsomt rett. Men etter 10 år som lærar stiller eg spørsmålet om det ikkje også burde stått; ”Men også det norske skulesystemet er påvirka av propaganda. Denne boka eit godt døme på det.”?

Eit anna døme: Som lærar for 6.- 7. klasse i samfunnsfag underviste eg sist skuleår om middelalderen i Europa. Eit av kapitla i nevnte lærebok omhandlar muslimane si kolonisering av Spania og Portugal, år 711 til 1492. I boka blir perioden framstilt som eit stort framsteg for områda og som ei svært god hending. Alt som blir skildra har positiv undertone. Enkelte korte sitat frå læreboka:

”effektive vatningssystem”, ”nye fruktar og grønnsaker”, ”kunnskapen om korleis dei praktfulle silkestoffa kunne lagast”, ”den flotte arabarhesten”, ”både dei kristne og jødane…. fekk dyrka religionen sin i fred”, ”god kontakt mellom dei kristne, jødane og muslimane”, ”mange som gjekk over til islam”, ”i byen (Cordoba) var det strålande palass med hagar og fontenar, moskear og offentlege bad”, ”om natta var byen opplyst av lykter”, ”lærelystne frå både Europa og det arabiske riket”, ”i Andalucia var det vanleg at innbyggjarane kunne lese og skrive. I resten av Europa var det få som mestra desse ferdigheitene.” ”bøndene fekk to til tre store avlingar i året”, ”store hagar med frukt og grønnsaker låg rundt byane”.

Det heiter vidare at muslimane dekorerte ”bygningar og rom med dei mest fantastiske mønster og dikt eller sitat frå Koranen.”  Og til slutt, etter at dei Kristne på 1400-talet ”erobra” (legg merke til ordbruken) Granada, står det følgande: ”Men alt araberane hadde ført med seg til Europa, lever vidare i den europeiske kulturen.”

Lista med positivt ladde ord frå dette kapitlet er lang, mens ingenting av negativ karakter er nevnt. Ingenting om kulturen før den arabiske koloniseringa, ingenting om dei som fall under erobringa, og ingenting negativt vedrørande forholda for dei innfødte under Cordoba-kaliftatet.

Nå var neppe den muslimske erobringa og koloniseringa av Spania og Portugal verre enn gjennomsnittet av koloniseringar gjennom historia.  Men det er heller ikkje sikkert ho var betre. Enkelte av overgrepa muslimane her stod bak var følgande:

-Sultan abd Allah av Granada beskriv i sine krønikar korleis muslimane i år 1066 drap kvar jøde i Granada. 3 - 4000 jødar vart massakrerte.

-I Cordoba frå 1010 til 1013 vart eit stort antal jødar drepne av muslimane under leiaren Suleiman.  Dei overlevande vart jaga frå byen. Det er mogeleg at dei endelege drapstala var fleire tusen.

-I åra 1130 – 1232 utførte dei muslimske Almohadane folkemordliknande overgrep mot både jødisk og kristen befolking i Spania og nord-Afrika. I byen Tlemcen vart alle jødar som ikkje omvendte seg til islam drepne. I Fez og Marrakesh vart muligens så mange som totalt 220 000 jødar og kristne drepne i denne perioden. I byane Sevilla, Cordoba, Jaen og Almeria i Spania vart jødane utsette for folkemord. Familiar som omvendte seg til islam for å unngå å drepast, fekk barna tekne frå seg for omplassering.

-Jødar og kristne vart pålagde høgare skattar og hadde innskrenka rettighetar i det juridiske systemet. Det er korrekt at dei fleste kristne og jødar under okkupasjonen omvendte seg til islam. Men grunnane var av langt mindre nobel karakter enn skuleboka insinuerar.

-Det er rapportert at ennå i tredje generasjon etter omvendelse til islam vart ”muslimar” av jødisk opphav utsette for overgrep og rasisme.

Men like fullt blir altså denne islamske erobringa framstilt som noko utelukkande positivt. Ofra for overgrepa synest sensurerte bort.

Kunne den europeiske koloniseringa av t.d. Sør-Afrika, USA eller New Zealand blitt skildra på denne måten? Lange lister med positive ord og vendingar om alt det gode europearane tok med seg? Om utvikling og sivilisasjon, om medisin og jernbanar, om sjukehus, bøker, skular osv. osv. mens urbefolkingane sine lidelsar ikkje vart nevnt med eit ord?  Neppe.  Den slag ville blitt rekna som propaganda og som ei hån mot alle drepne indianerar, maoriar, svarte afrikanerar osv. Norske lærebøker er her svært tydelege: europearanes overgrep og urbefolkinganes lidelsar er noko elevane skal få vita om.  Noko anna ville vel vore både respektlaust og ei forteiing av historiske fakta?

Men altså ikkje når det var muslimar som var koloniherrar og europearar som vart koloniserte?

Eg vil påstå at dette langt frå er eit enkeltståande eksempel på siling av fakta og ulik vekting basert på etnisitet i norsk skule.  Derimot er det symptomatisk for det som synest vera politisk motivert vridning av ei rad emne innan historie og samfunnsfag.  Ein skal leita svært godt i våre lærebøker for å finna informasjon om overgrep utførte av muslimar. Og ikkje berre når det gjeld muslimar, men også når det gjeld dei aller fleste folkeslag og religionar som ennå er i eksistens, og som ikkje er av vår eigen vestlige kultur. Slike overgrep synest konsekvent plukka bort eller forminska.

Er ikkje dette propaganda?  (For øvrig eit spørsmål eg skal senda vår undervisningsminister.)

Andre døme:

Ein elev som går ut av den norske grunnskulen kjenner til Ku Klux Klan og dei talrike morda organisasjonen utførte mot svarte i USA (drapsmennene var kvite), men den same eleven kjenner ikkje til dei minst like bestialske og ennå meir talrike morda på kvite boer-farmerar, inkludert kvinner og barn, i Sør-Afrika etter at demokratiet vart innført i landet. Kvite boer-farmerar har i dag verdas høgaste mord-risiko og lever under tilstandar som liknar folkemord med ei drapsrate fire gonger så høg som for den gjennomsnittelege sør-afrikanar. (Drapsmennene er svarte.)

Likeså vil ein elev etter endt grunnskule kjenna til at Noreg faktisk var involvert i slavehandelen frå Afrika til Amerika (under dansk styre).  Men ikkje at mellom 3 – 4000 nordmenn vart tekne som slavar av muslimane i Nord-Afrika mellom år 1600 og 1800, og at dei langt fleste av desse døydde eller vart drepne som slavar, jfr. Torbjørn Ødegaard ”Nordiske slaver – afrikanske herrer.”

Eleven kjenner til apartheid og dei kvite sin rasisme mot dei svarte i Sør-Afrika, men ikkje forholda dei koptisk kristne lever under i dagens Egypt.

Han kjenner spanjolane si nedslakting av indianerar i sør- og mellom-Amerika, men veit lite om tyrkerane sitt folkemord mot armenerane på byrjinga av 1900-talet.

I boka ”Kosmos 9, Samfunnsfag for ungdomtrinnet”, står rasisme nevnt som ein av grunnane til den europeiske kolonitida; ”Mange europearar meinte at dei var mykje betre enn andre folkeslag”. Dette er sannsynligvis sant, men eg har ennå til gode å sjå andre enn kvite menneske karakteriserte som rasistiske i våre lærebøker. Om det er slik at det har blitt ein fordom i vårt samfunn at berre kvite menneske kan vera rasistar, er då skulen medskuldig i å bygga opp under denne fordommen? Og er ikkje dette i så fall rasisme?

Propaganda i norsk skule er kjenneteikna ved forteiing av enkelte fakta og overfokusering av andre for å oppnå den ønska effekt. Denne type propaganda er vanskeligare å avsløra og stilla til veggs enn den direkte løgn ein finn i diktaturstatar. Men er han meir akseptabel?

Nå kan eg sjølvsagt ta feil, men eg vil anta at mange som les dette, og som deler det norske skulesystemet sitt verdisyn og som har det same politiske grunnsynet som har forma den norske skulen, stilltiande er innforstått med at den propanganda og sensur eg her har peika på ligg som eit usynleg slør over delar av det stoff elevane får seg presenterte innan faga som her er nevnte. Likevel er det svært få som er kritiske. Tvert imot. Dei meiner stilltiande at denne sensur og propaganda er i ”det godes tjeneste” og difor bør fortsetja.  Er det ikkje nettopp det alle propaganda-apparat i verdshistoria har meint?

Kommentarer