Andre N. Skjelstad, Venstre. |
Eg ser på nett-nyheitene at du kritiserar Listhaug for å
skape støy omkring asyltsunamien over Storskog, og at du kjem med kritikk av at
ho ikkje har noko god avtale med Russland for tilbakesending av asylsøkjarar. Du
ønskjer også ei rask integrering, seier du. Då meinar vel du integrering av oss
nordmenn i dykkar framtidige kaotiske og rotlause idealsamfunn?
Dette er til å le av, herr Skjelstad. Har ikkje nettopp
Venstre vore eit av dei partia som har laga øyredøyvande støy når nokon har
vorte utsende, og som har gått mot alle tiltak som kunne avgrense migrant
tilstrøyminga til landet? Har ikkje nettopp Venstre vore eit av dei partia som
har ønska friast mogeleg innvandring?
No har vi endeleg fått ein statsråd som viser ansvar og
som prøver å få gjort noko med masseinnvandringa til Norge. Sjølvsagt så får ho
då på pukkelen frå dei som har stått fanatisk på krava som vil føre til at
nordmenn vert ein minoritet i vårt eige land. Men de skuldar ho for at
ho ikkje får utvist mange nok, nett det som de sjølve heller ikkje
ønskjer!
Kan de prøve å opptre sannferdig og fortelje folket at
det de seier ikkje er det de meinar? Trur de som set inne i den politiske
glasskula, Stortinget, at alle vi ute på grasrota er idiotar? Rett nok kan det
sjå slik ut når vi let oss lure til å velje inn i tillitsverv mange slike som no
har karra seg opp på taburettar såvel i lokalpolitikken som i rikspolitikken.
Med svært få unntak er det dugløyser som styrer samfunnet vårt i dag. Har også
merka meg kva ein Venstre-representant frå Drammen bystyre uttala for ei tid
sidan, at ho ville ofre tryggleiken og velferden til nordmenn for å ta imot
migrantar. Ja, mange kjem utan ID-dokument, og kven som skjuler seg bak falske
pass og ID-dokument vil ho dermed ikkje bry seg med, slik vi
forstår. Tryggleiken i landet vil ho ofre.
Dette er også slik vi kjenner m.a. partiet Venstre sitt
mannskap. Slik passar dei godt som krykkjer for Krf og SV, for å nemne
nokre.
Ein annan ting vi skulle håpe at Venstre kunne
fortelje oss er korleis det går an å arbeide for fri masseinnvandring og det å
vere eit "miljøparti"? No er vi vane med at mange politikarar har eit
avslappa forhold til sanninga, men denne vert då for tjukk! Korleis kan det
tene miljøomsyn å forflytte store menneskemassar fra varme deler av kloden
og hit til kalde nord-Europa, Norden og Norge? Her trengs oppvarming, stort
forbruk av mat, klede, elektrisitet og det meste av alt, medan dei områda i
verda der storparten av migrantar og asylantar kjem frå ikkje har den same
trongen til livsunderhald grunna klima. Nei, Venstre er såvisst ikkje noko
miljøparti, dei er det like lite som desse andre som skrik over seg om
miljøtiltak. Miljøomsyn og folkevandringar slik vi ser dei i vår tid, frå sør
til nord, er såvisst ikkje
foreinlege!
Norvald Aasen, 6983 Kvammen
tel: 57731844