Migranter til Norge?

Dette skal visstnok være bilde av noen av de 356
migrantene på den norske båten Ocean Viking.
Av Norvald Aasen. 

Til Hans Fredrik Grøvan, Krf.

Viser til oppslag på dagsrevyen 22. aug. 2019, der det vert sagt at krf ønskjer at piratskip i Middelhavet skal tøme lasta si i Noreg.

Dette er ikkje mindre enn skræmande.

No har de i Krf og andre grupper hersa med folk og land gjennom denne asyl- og migrant innvandringa frå fru Brundtland kom til makta i 1986.

Det har aldri vore aktuellt for dykk å ta omsyn til oss som har heimstadrett til dette landet når det gjeld dykkar kamp for omveltninga og framandgjeringa av det norske samfunn.

Men eg synes de snart må ta omsyn til at her enno finns eindel menneske som ønskjer at landet vårt skal bestå som eit norsk samfunn. Den mogelegheita har de snart spolert, og Krf har vore svært så aktiv i så måte. Minner om Bondevik si utsegn om at nordmenn ikkje kunne vere med å avgjere asylpolitikken då det var for mykje "grumsete haldningar" ute i folket. Men slike, med desse "grumsete haldningane", ville han gjerne lure til å røyste på sitt parti. Pussig dobbeltmoral! 

Pirattrafikken i Middelhavet fører nemleg til at straumen mot Europa over havet held fram og utset mange for farar og drukningsdød. Det er nett dette du, Grøvan, Karin Andersen frå Sv, og mange andre bidreg til. Det er eigentleg utruleg at desse piratskipa får lov å halde fram med trafikken som undergrev Europa sin eksistens om den ikkje vert stogga. Det du, Grøvan, bidreg til med din politikk har ikkje noko med naudhjelp å gjere, men det lurer mange menneske ut på fårefull vandring til ein alt overfolka, kriminalisert, kaotisk og framandgjort verdsdel, Europa!

Det som kan stogge trafikken over Middelhavet, og hindre tragediar på havet, er at migrantane vert frakta tilbake til Libya, Tunesia eller andre stadar på nord-Afrikakysten. Dei må hjelpast tilbake, eller ta seg tilbake på eiga hand, til sine heimland eller kvarsomhelst på eige kontinent der dei kan bygge opp eigne samfunn. Dette i staden for at dei saman med sine europeiske støttegrupper, som krf, Sv, profittørar og liknande kan destabilisere vårt kontinent meir enn Europas fleirtalspolitikarar alt har greid.

Kanskje det snart var på tide at vi nordmenn fekk lov å avgjere vår eiga framtid som folk i eige land i staden for at vi skal førast som nasjon mot stupet av dei som har lura seg til politiske verv ved hånleg omtale av Noregs to urfolk og som har teke seg til makta ved hjelp av feite og falske slagord under valkampar. Eller det eg heller vil kalle politikarane sine lygarfestivalar.

Eg vil oppmode deg, Hans Fredrik Grøvan og dine meiningsfeller, om å sjå Walid al Kubaisi sin film om Det muslimske brorskap sine planar om å overta Europa. Kanskje den kan gje dykk eit innsyn i dykkar stødige kurs mot Europa sitt havari? Eit lite, men truleg mitt fåfengte håp!

Norvald Aasen, 
6983 Kvammen

-----------------------------------

Grøvans svar til Norvald:

Hei
FN har oppfordret de europeiske landene til å finne en permanent løsning for båtflyktningene.
Nå er det et europeisk initiativ, jeg har gitt uttrykk for at Norge bør bidra til å finne en løsning sammen med andre europeiske land. Det bør være en oppgave Norge bidrar til å løse.

Mvh
Hans Fr Grøvan, KrF

-----------------------------------

Norvalds svar til Grøvan:

For det første Grøvan, så har ikke Norge noen plikt til å løse piratskipenes aksjoner, de kan frakte sine selvpåførte "skipsbrudne" tilbake til afrikanske kyster. Dessuten bør vesle Norge nå løsrive seg fra FNs tvangstrøye og la denne kvelende makteliten seile sin egen sjø. FN er styrt av diktatorstater i midt-Østen, Afrika og endel andre u-landsområder, men denne maktgryta er finansiert av Vesten, og der vesle Norge prøver å gjøre seg betydelig ved sine rundhåndede oljepenge gaver. 

Du må forstå, Grøvan, at denne godhetspolitikken kun fører til eget folk og vårt fedrelands undergang!
Det blir sagt i valkampen at når du stemmer så er du med og bestemmer. Svært få ting er mer usant! Nordmenn har ikke fått være med å bestemme vår fremtid når det gjelder fremmedgjøringen og avhendingen av vårt hjemland!

Norvald Aasen, 6983 Kvammen