Tipset av Magnar A. Bakke.
Kilde: Nationen.no.
Det er i år 130 år sidan Elias Blix ga oss ein fedrelandssalme.
Søndagen vert ikkje heilt den same om eg ikkje kjem meg opp før klokka sju og får med meg den storslagne framføringa til Bodø domkor av fedrelandssalmen.
Den skaper helg og høgtid, og har med åra blitt ein tradisjon, som eg og mange med meg må ha med oss!
For nokre år sidan vart denne tradisjonen sløyfa av ein nytilsett kringkastingssjef, men då reiste det seg ei protestbylje frå landsende til landsende, slik at NRK ikkje torde anna enn å ta tilbake fedrelandssalmen.
Om ikkje Elias Blix er den som har dei fleste salmane i salmeboka er han millom dei fremste og etter mi ringe meining, ein av våre fremste salmediktarar.
Fedrelandssalmen ”Gud signe vårt dyre fedreland” er kanskje den aller viktigaste salmen vår, og kyrkja sin nasjonalsong. I år fyller salmen 130 år.
Blix-kjennar og professor Anders Aschim skriv i ein artikkel i Norsk Tidend om salmen og rolla han har spela for framveksten av nasjonen Noreg.
Den 7. juni 1905 vedtok Stortinget, i ei bisetning, å oppløyse unionen med Sverige. Det var meininga at stortingsmann Eivind Hognestad skulle stemme i med fedrelandssalmen etter avrøystinga i stortinget, men motet svikta.
Den 13. august same året vart det halde folkerøysting om unionsoppløysinga og då vart den sunge mange stader ved opninga av røystinga. Kyrkjedepartementet hadde bestemt at ”Gud signe vårt dyre fedreland” skulle syngjast under kroningshøgtida i Nidarosdomen 22, juni året etter, og etter det, var gjennombrotet eit faktum.
Då oldebarnet, Ivar Blix, var nyutdana sjukhuslege i Namsos hadde han ei oppleving av den anerkjenning oldefaren framleis hadde i Overhalla. Ein gong han snakka med etterkomarar av ein som var gått bort, og delte nokre medfølande ord, fekk han ikkje spesiell kontakt. Men då dei høyrde etternamnet hans, heva stemninga seg på underleg vis. Det viste seg at det var i Overhalla kyrkje dei hadde sunge første gong på landsmål. Det var tydelegvis noko stort for namdalingane, som dei var stolte over også 100 år seinare.
Elias Blix var gift med Emma. Då dei feira sølvbryllaup vart dei fotografert saman med sine sju barn. Oldebarnet, Ivar Blix, er i dag overlekjar ved sjukehuset i Kristiansund.
I Molde var tidlegare advokat Leif Blix, barnebarn av Elias Blix. Eldste dotter hans Elisabet vart gift med Audun Bondevik (bror til Kjell Magne). Sonen deira, Leiv Erik Bondevik, er ei kjent røyst i lokalradioen. Han fortel at han har arva bibelen og gulluret etter tippoldefar sin.
Kven var han så, denne mannen? Salmediktaren, bibelomsetjaren og statsråden Elias Blix hadde ein eventyrleg karriere. Som farlaus fiskarbondeson frå Gildeskål i Nordland kom han seg til seminaret i Tromsø, tok teologiutdanninga i Kristiania, studerte semittiske språk i Leipzig, og vart professor i hebraisk.
Han var kyrkjeminister i Johan Sverdrups regjering i 1884-88 og stod ansvarleg for det språkpolitisk viktige jamstellingsvedtaket i 1885.
Blix var sterkt engasjert i omsetjinga av Bibelen til landsmål, men først og fremst er namnet hans knytt til ei rad av våre mest kjende og folkekjære salmar: ”No livnar det i lundar”, ”Gud signe vårt dyre fedreland”; ”No koma Guds englar”, ”Med Jesus vil eg fara” og songar som ”Å eg veit meg eit land”.
I alt står han bak 130 originale og 76 omsette salmar, og Elias Blix må ha mykje av æra for at landsmålet vart ”kristna” og at nynorsk kyrkjemål står så sterkt.
Når ein køyrer kystriksvegen nordover mot Bodø vil ein køyre forbi eit vegskilt med stadnamnet ”Inndyr”. Ikkje visste eg då, at denne staden, var kommunesenteret i Gildeskål, der Elias Blix kom frå.
Han vart fødd på garden Volden på Sandhornøya. Lokalvegen til Gildeskål var svingete og smal, men vegarbeid ga von om, at her vert det ein ”betre veg eingong”, for å omskrive ei Blix-strofe.
Kyrkjestaden Gildeskål var ein sentral plass på Helgelandskysten med si gamle steinkyrkje som tener som museumsstad til ein del av Nordlandsmuseet, og har omvisning som vi var så heldig å få vere med på. Det var konservator Oscar Berg som stod for omvisninga og som ga oss eit levande bilete av oppveksten til Elias Blix
Etter omvisninga vart eg rådd til å kjøpe ein biografi om Elias Blix, som Anders Aschim hadde skrive. Når forfattaren til slutt takkar dei han har fått hjelp frå syner det seg at omvisaren vår, Oscar Berg frå Saltenmuseet, er ein av dei som har vore til stor hjelp med stoff til biografien.
Då Gildeskål fekk ny hovudkyrkje i 1881 hadde den plass til heile 750 personar, som då stod i høve til lovpålagt krav på kyrkeplassar i soknet.
Blix fekk ikkje preike i heimekyrkja. På kyrkjeveggen i den gamle steinkyrkja i Gildeskål heng eit bilete av Elias Blix. Dette var det næraste han kom preikestolen i den kyrkja han var konfirmert i og seinare vart nekta å preike frå. Av di soknepresten ikkje ville tillate ”at almuens barn” fekk høve til å nytte preikestolen i kyrkja.
Kjelder: Anders Aschim Biografien om Elias Blix: ”Ein betre vår eingong”. Samlaget 2008.
Dag og Tid, artiklar juni /juli 2019 i høve 150 års utgjeving av Nokre Salmar.
Norsk salmebok 2013 og Mads Berg skulesongbok- nynorskutgåve.
Norsk tidend oktober 2020 side 11-13 Fedrelandssalmen 130 år
.
Kommentarer
Legg inn en kommentar