Guds lovnad

Av Ludvig Hope

«Å, Israel, kor du er sæl! Kven er som du? - eit folk som får hjelp frå Herren, ditt vernande skjold og ditt veldige sverd!» 5 Mos 33, 29

Ser ein kristen livet sitt frå den rette synsvinkelen, vil han alltid ha grunn til å vera frimodig, glad og takksam. Den Gud som det verdslege mennesket skjelv for, er den beste vennen ein kristen eig. Når andre må bera sorga si og såra sine under dom og frykt for det som skal komma, då går gudsbarnet inn til Gud som frelsaren sin og far sin. Der får han såra lækte, synda tilgitt, dommen teken bort og smerta stilna.

I striden har den kristne Guds lovnad omkring seg sterkare enn stål og kan bruka Guds ord til sverd mot fiendane sine. Herren er det vernande skjoldet og det veldige sverdet vårt. Alt som tyngjer oss, kan me leggja på han, for det står: «Kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk!» (1 Pet 5, 7).

Ikkje noko som har med oss å gjera, er for smått for han å ta seg av. Allmakta hans og den evige visdommen hans er borne av den kjærleiken som er sterkare enn døden, og all denne kjærleiken har han ofra på oss. Kan me ikkje då seia: Sæl er den som får hjelp frå Herren? Det må vel vera eit veldig skjold og eit sterkt sverd.

Lat oss då trygt leggja alt i handa hans! I åra som gjekk har han halde det han lova, og han vil gjera det heretter òg.

Så er eg sorglaus då og glad
som lerka når ho kvitrar.
Eg ser mot bjarte stjernerad,
og himmelheimen glitrar.
Eg eig ein stor og evig arv.
Du gir meg alltid det eg tarv
av dine rike gåver.

Kommentarer