Guds herlegdom

Av Ludvig Hope

Og Ordet vart menneske og tok bustad blant oss, og me såg herlegdommen hans, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. Joh 1,14

Av alle dei som har lært Jesus å kjenna, har vel ingen sett så djupt inn i hjartegrunnen hans som Johannes. Når han så med få ord skal syna oss Jesus og herlegdommen hans, seier han: «Ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.»

Også andre hadde til forskjellige tider sett litegrann av Guds herlegdom før Johannes såg han i Kristus. Men alle desse hadde berre sett ein fortærande eld som syndaren ikkje kunne komma nær utan å døy. Når så Guds herlegdom møter oss i Jesus Kristus, er det heilt omsnutt. Då er han nåde og sanning.

Utanfor Kristus er Guds herlegdom liksom lynet: han drep og øyder alt som kjem nær han. Moses sa til Gud: «La meg få sjå herlegdommen din!» Men Herren sa: «Du kan ikkje få sjå ansiktet mitt; for det mennesket som ser meg, kan ikkje leva.» (2 Mos 33,18 og 20). Men den øydeleggjande lynkrafta kan bli skapt om til ljos, varme og drivkraft, til useieleg nytte for alle menneske. Slik er det òg med Guds herlegdom. I Kristus er han nåde og sanning.

Men kom i hug at nåden og sanninga aldri kan skiljast om ein skal vinna og eiga gudslivet! Den som er av sanninga, høyrer stemma mi, seier Jesus. Gjennom Jesus blir Guds stemme til oss ei nådestemme. I han er me frelste av nåde så me kan leva i sanninga av nåde.

Frå Jesu kross med klåre skin nådens nye dag.
Der ser eg gjennom tåre Gud Faders hjartelag:
Ein kjærleik i flamme, ein nåde aldri stengd.
I går, i dag den same, ja, i all ævelengd.

Kommentarer