Tenk på din skapar i ungdomsår før dei vonde dagane kjem. Fork 12,1.
Den som ikkje er ung lenger, ser best kva ungdomstida er og har å gi eit menneske. Den seine dagen dreg så ofte minnet tilbake til den gryande morgonen.
Ungdomstida er fager. Ho er fylt av håp, poesi og livstrong. Men ho er òg full av ansvar og fare. Då blir grunnen lagd til heile framtida vår. Det er i ungdommen at folk flest gjer valet sitt både for tid og æve. Eit av dei beste bileta ein har på det ungdomslivet ber i seg, er ein vårmorgon i ein vakker dal når sola stig opp over åskammen. Fossar og åer spelar sin djupe bass, snøen brånar, liene grønkar, livet bryt seg veg i den svartaste molda, blomane sprett og tusen fugletunger syng. Bonden pløyer, gjødslar, horvar, og sår, det er såtid og grotid for vondt og for godt.
Ungdomstida er våren i livet vårt. Det er dei gode dagane i livet, fordi me då skal velja livsleia vår. Inga tid passar difor så godt til å søkja Gud i som nettopp ungdomsåra. Det er vår, det er val, det er såtid, det er grotid, det er vokstertid. Det er då livet slår rot.
All vokster god må gro om vår,
om han skal grøda giva.
om han skal grøda giva.
Det er forunderleg stort å møta kallet frå frelsaren vår, nettopp i livsens solrenning. Kven kan tolka den lukka dei får, dei som tek imot kallet frå Kristus i ungdomstida? «Så la då Gud ditt hjarta få frå ungdom og til alder grå, då vert det ljost å leva.»
Å, tenk på Gud i ungdoms år,
når vona lyser ven og klår
som vår i ljose lundar,
når hjarteliv som blomen sprett
og seg for ljoset opnar lett,
og etter kjærleik stundar.
når vona lyser ven og klår
som vår i ljose lundar,
når hjarteliv som blomen sprett
og seg for ljoset opnar lett,
og etter kjærleik stundar.
Kommentarer
Legg inn en kommentar