Nåde på nåde

Av Ludvig Hope

Medan Jesus var i Betania, heime hjå Simon den spedalske, kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke full av dyr salve. Den helte ho ut over hovudet hans medan han sat til bords. Matt 26,6-7

Før Jesus set seg på eselfolen og rir inn i Jerusalem, vil han la seg salva til konge. Men han går ikkje inn i Israels nasjonalheilagdom for å bli hylla og salva der av høgvørde prestar, av dei utvalde og lærde i landet. Nei, han går inn i ein fattig heim der frelste syndarar bur, og der lèt han seg vigsla av ei takksam og truande kvinne.

At salva ber bod om ei grav, skal ikkje uroa oss; på kanten av grava ligg kongekrone. Påskemorgon vart ho sett på hovudet hans av den allmektige Gud, og ho skal aldri meir bli teken bort.

Det var ei kvinne som førde synda inn i verda, men det var den same kvinna som òg fekk lovnad om at slekta hennar skulle krasa hovudet på ormen. Det var ei kvinne som først bar bod om at han hadde stått opp or grava. Slik løner Gud syndaren! I alt han gjer er han annleis enn me. Der me ventar dom og straff, der møter han oss med evig liv i Jesus Kristus, vår Herre, og med nåde på nåde løyser han oss frå synda og dommen.

Kom, la oss òg salva og hylla han som vår konge! Den som opnar hjarte-døra for denne kongen og lèt seg styra av han, han finn heim att til det landet der det ikkje finst noka ulukke. Der skal utløyste menneske syngja til ære for han som frå nådens kongsstol hjelpte oss og førde oss frå mørket til det underfulle ljoset sitt.

Mi hjartedør eg opnar deg!
Å Jesus, stig du inn til meg!
Og la meg her den nåde få
så eg din milde hug kan sjå!

Kommentarer