På steingrunn

Av Ludvig Hope

Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur til ei tid, men når dei blir sette på prøve, fell dei frå. Luk 8,13

Ordet om menneskehjarta som liknar eit område med steingrunn, er lett for oss å skjøna. Det gjeld desse som er så snare til å bli gripne både av vondt og godt. Når ordet frå Gud blir bore fram med kraft og varme, er desse dei første som lèt seg overtala til å venda om.

Med stort mot prisar dei seg lukkelege fordi dei no er frelste. Men når så våren, varmen og ljoset blir bytt om med kulde og trengsle, når vegen blir trong og bakken bratt, når dei kjem opp i økonomiske problem eller møter andre vanskar, blir alt berre tap og konkurs.

Like snart som livet bryt igjennom, like fort visnar det.

Då Jesus ein gong møtte ein slik som lett vart gripen og som sa han ville følgja Jesus kor han gjekk, svara Jesus: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.» Matt 8,19–20.

Om mange av dei som forkynner ordet, hadde hatt litegrann meir av same sjelekunnskapen så dei med varsam hand kunne stagga slike menneske, ville mykje ha vore vunne for Guds rike. Men det er så freistande og lett å vinna eit namn som vekkingstalar på slike grunne sjeler. Og kan ein få det til, prøver ein å skrapa vekk noko av den jorda som det er så altfor lite av frå før, slik at sådet skal renna opp endå raskare.

Men du som er ein eldre og mogen kristen, hjelp desse folka med kjærleik, ro og uthaldande mot! Så kan berget smuldra til jord og livsfrøet bli berga. Det har hendt før, og det kan henda no òg.

Å, Herre Far, din lære,
ditt såd, ditt rene ord,
som såes til din ære
i folkehjertets jord,
hvor kraftig det enn finnes
når du det lader strø,
det titt i veksten bindes
og må i spiren dø.

Kommentarer