Frelst av nåde

Av Ludvig Hope

«Eg vrakar ikkje Guds nåde. For kan ein vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til ingen nytte.» Gal 2, 21

Vegen frå Golgata til Sinai er ikkje alltid så lang, og mange kristne gjekk han og trudde dei gjorde rett. Det ser så rett og klokt ut å gjera det fordi naturen vår likar så mykje betre å hjelpa seg sjølv enn å leva på nåde. Til alle tider har det òg synt seg at dette stadig er den store faren som truar Guds folk: å gli bort frå nåden og inn i lovgjerningar. Å gå med ei tom krukke og berre få, frå dag til dag, frå år til år og frå slekt til slekt, vil så lett sjå ut som «å synda på nåde». I slike tider er det hjå kristne god grobotn for lovtrældom og lære om syndfridom.

Satan har heller ikkje noko imot å fortelja oss korleis ein kristen skal leva og vera, når han gjennom det kan få oss bort frå nåden. For ingen veg fører vissare inn i den evige døden enn den fariseiske gjerningsvegen. Jesus har då òg sagt at me framfor alt må ta oss i vare for surdeigen åt farisearane.

Å bli frelst av berre nåde og så attåt få leva og døy frelst av berre nåde, er vegen Gud har bygt for syndaren heim att til himmelen. På den vegen kan me vera fullkommen frelste i sorg og i glede, i ljos og i mørke, når sjela kjenner seg lyft mot Gud og når hjarta fordømmer oss.

«Herren sa til meg: «Min nåde er nok for meg; for mi kraft blir fullenda i vanmakt». Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg.» 2 Kor 12, 9.

Eg har så trygg ein kvilestad i Jesu dyre sår,
der har eg jul i fasta og midt i vintren vår.
Om verda kring meg brusar, er han mi frelsesborg,
der syng eg om hans nåde, så stilnar all mi sorg.

Kommentarer