Gud kan fylla alle behova våre

Av Ludvig Hope

«Så skal min Gud, rik som han er på herlegdom i Kristus Jesus, gi dykk alt de treng.» Fil 4, 19

Er det noko me menneske veit, så er det at me ber i oss ein sterk trong etter noko me anar, men ikkje eig, noko som lokkar og dreg, og som me må få.

Alt frå dei yngste åra fylte denne trongen tankar og sinn, og så tok me i veg og ville finna skatten som me trudde skulle gi oss det me lengta etter. Me er liksom småguten nede i dalen som trudde han skulle nå himmelen om han berre kom opp på høgaste nuten. Berre me kan nå høgt opp og langt fram, skal livslukka komma, tenkjer folk flest. Korleis går det då? Å, det går for oss som for småguten: Då han ein dag stod på toppen av nuten, hadde himmelen aldri vore så langt borte som då. Denne verda med alt det ho eig, kan aldri fylla behova våre. Det er umogeleg.

Men så kjem Guds ord og seier oss at her er ein veg til målet: Gud kan fylla alle behova våre, – alle! Så rik er han. For ein mektig tanke! Tenk etter! Prøv og tru! Gud skal i Kristus gi oss alt me treng. Berre hjå Gud er sjela stille, seier han som hadde gått vegen frå gjetargut til kongsstolen. Berre hjå Gud.

Den som tek imot Jesus, finn den skatten som fyller alle behova våre.

Som den stille å kan renna
djupt i dalen sylverklår,
slik di kraft me òg kan kjenna
i den stille livsgjerd vår.

Når din Ande i oss råder,
går han som ei livsens åder*,
som det djupe underdrag
gjennom alt vårt liv og lag.


* åder=åre

Kommentarer