NB! Du må klikke på tittelen for å komme til kommentarfeltet.

torsdag 19. mai 2022

Eliten treng ikkje vår tillit, dei treng oss berre som røystekveg!

Av Norvald Aasen. 

I ein artikkel spør Ola Bergheim kvifor i alle dagar politikarar, departement osv vil at vi skal miste all tillit til deg? Svaret er nok at dei gir blanke i kva vi vanlege folk meinar! Dei har sine metodar til å sitje ved sine maktposisjonar uansett kva vi måtte meine om dei. 

Media hjelper dei slik at dei får sine røyster ved val, slik dei er vande med, når dei så er sikra sine posisjonar kan dei hjelpe dei som hjelpte dei sjølve, og der florerar med kremjobbar på drøssevis av oppretta stillingar som dei kan gi sine vener som takk for hjelpa. 

Så har vi WEF der det sit norske politikarar i toppjobbane og for oss vanlege folk, som det heiter, er meiningane uinteressante, og der tel berre status og pengar. Status milliom dei store i verda og ein pengestraum som også gjer at det som har med vanlege folks tankar og kjensler er utan interesse. Og media blankpussar gloriane og sminkar fjesa for eliten til neste TV-opptreden. Det er jo desse som held media oppe med pengar til frotsinga som dei driv. 

Og kven tenar pengar på krigar og elende verda rundt? Det er millom anna media som sel historiar som skal få folk til å samle seg rundt TV-en og aviser slik at styresmaktene, politikarane og alt dette andre unasjonale, kan få ut bodskapen sin godt vinkla slik at opinion vert til føredel for makthavarane. 

Vi treng såvisst ikke snakke om media i totalitære samfunn som vert styrd av diktatorane. Vi har det same her i Vesten og i Noreg, men det er så snedig opplangt at folk flest ikkje ser svindelen. Og dei som vil oppløyse nasjonen og nasjonalstaten kan no feire nasjonaldagen og rope tre ganger tre hurra for det dei vil ødelegge! 

Men hjå meg står flaggstanga naken denne dagen, eg deltek ikkje i svikarane sine hurrarop!"

Norvald Aasen, 6983 Kvammen