Finn dykk noko nyttig å gjere på til de vert gamle nok

Til KrFU-leiar Enil Andrè Erstad.

I dagens morgonsending på radio, 06.05.2015, seier du at du håpar Regjeringa snur om når det gjeld syriske "flyktningar" så du slepp å kaste dei. Kven har mest røyster bak seg, regjeringspartia eller KrF/KrFU?

Denne saka har det gått prestisje i for dykk i opposisjonen. Kven vil du føretrekke å bruke hjelp på, 10.000 til luksustilvære i høgkostlandet Norge, eller 200.000 flyktningar i nærområdet? Ved det siste alternativet ville flyktningane reise heimatt og bygge oppatt landet når det vert fred, eingong. Dei 10.000 ville ikkje reise heimatt for å bidra til å få landet på fote att. Kvar er dykkar moral?

No skal du hugse på dette Erstad: Det miljøet som du representerar er berre for born å rekne, utan det minste av livserfaring. Finn dykk noko nyttig å gjere på til de vert gamle nok, då kan de styre landet i avgrunnen så mykje de vil.

Vi som er eldre har trass alt noko å bygge våre meiningar på av livserfaring, lat vakse folk få styre landet medan vi kan det. I det vi kallar "primitive kulturar" er det dei eldste i stammen eller i landsbyen som tek avgjersler. Dette trur eg er kloke folk og kloke ordningar, og slett ikkje primitivt.

Og så til slutt: Mange av oss eldre har noko som tydelegvis ikkje du og andre unge skrikhalsar i ungdomspartia har: Vi har nasjonalkjensle og fedrelandskjærleik.

De synes berre å vere opptekne av leik!

Norvald Aasen,
6983 Kvammen

Kommentarer