Til Knut Arild Hareide, Krf

For nokre dagar sidan såg eg deg uttale på Dagsrevyen at du og ditt parti gjekk imot alle innstrammingar i migrasjonspolitikken som var i strid med "våre" internasjonale forpliktelsar.
 
Viss dine og Skei Grande sine internasjonale forpliktelser medfører at vårt gamle folkeferd, nordmenn, og det norske samfunn og Norge som nasjonalstat, vert fortrengt og øydelagt så sit du og Grande, med fleire, med eit tungt ansvar for komande norske slekter.
 
Eg har fylgt nokre dokumentarar på VGTV om IS og kva som er deira langsiktige mål - verdsherredømme - og det er ganske utruleg at fleirtalet av politikarane både på riksplan og lokalplan ønskjer å gje fritt leide for ei slik grufull rørsle til Europa og Norge.
 
Du har sagt frå til meg før at eg var altfor useriøs til at du kunne ha dialog med meg, det er heilt greit for meg, for mine meiningar om det eg ser på som historia sitt største svik mot folket vårt, nordmennene, og fedrelandet vert lese av langt fleire enn deg og dine kampfeller.
 
Norvald Aasen, 
6983 Kvammen