Spørsmål til Faktisk.no

Av Norvald Aasen. 

De i "Faktisk", som er oppretta for å finne "falske" nyheiter frå alle andre hald enn frå NRK og dei vanlege norske media, burde vel oppfatte at alle desse historiane om "nordmenn" som gjer ditt og datt, ikkje er sann informasjon til publikum.

Det er svært mange i landet vårt som ikkje er nordmenn, men som har anna etnisk bakgrunn. Nordmenn/nordmann er betegnelsen på eit folk, altså ein etnisk betegnelse, alt anna er falskheit og lygn. 

Men dette er svært mykje nytta av NRK, eg trur det gjerne også vert gjort for å irritere og håne oss som er nordmenn. Vi skal liksom ikkje takast så mykje omsyn til, er å forstå! 

Dei fleste andre media her i landet er også svært ivrige med denne lygna. Men vert slike falske nyheiter og utsegner påtala av "Faktisk"? Eller er dykkar oppgåve berre å finne feil hjå dei som er lei dei vanlege media sine lygner, og som kjem fram med sanningar som dei tradisjonelle media ikkje vil fortelje, og som dei dekkar over? Dette kan vere på grunn av at nyheiter skal vinklast slik at dei fylgjer venstremedia sine gamle politiske og ideologiske linjer og "sanningar".

For ei tid sidan kunne Nettavisa og andre fortelje om ein "nordmann" som var pågripen på Sri Lanka for seksuelle overgrep på ei mindreårig jente. Heilt på slutten av denne lygnhistoria kunne vi såleis lese at denne "nordmannen" var tamil, men han hadde vore i Noreg i ein periode. Truleg som asylsøkjar?

Tek de i Faktisk oppgjer med slike lygner? Eg føler ikkje at eg stolar på dykk.

(Brevet vert lagt ut på ei rekke nettstadar.)

Norvald Aasen