Jakta på kyst- og fjordfolket

Av Norvald Aasen. 

I sumar har Firda hatt fleire reportasjar og artiklar om det som vert omtala som tjuvfisking. Elveigarar har jamvel kravd at Politiet skulle ringe dei som lagar garn for å få liste over garnkjøparar. No er det vel slik at garn enndå er lovleg vare, og dei kan også handlast i butikk. Dermed lyt Politiet kontakte butikkane for å få liste over dei som har handla garna.

Eg nektar ikkje for at elveeigarane har eigedomsrett over delar av elvane, men eg stiller meg tvilande til om dei også har eigedomsrett over fisken i havet. Kva då med Allemannsretten?   

Men kva er no denne såkalla tjuvfiskinga som folket langs fjordane og på kysten driv og som vert kalla grov miljøkriminalitet?

No er det slik at om ein mann som har fiska gjennom eit langt liv for å få eit måltid på bordet skulle finne på å setje ut eit botngarn, altså for å fangste torsk, lyr, sei eller andre djuptgåande fiskslag utan at garnet er merka med namn og adresse, ja, då vert reidskapen kverrsett i statens heilage namn. Utan merking er det tjuvfiske. I overvakingssamfunnet skal storebror sjå deg, natt som dag, og frå vogge til grav - også om vi ønskjer å fiske oss ein lyr. Slik overvaking som det kanskje også er i Nord-Korea?

Ei anna form for tjuvfiske er om ein godtruande og einfaldig person skulle får lyst på ein middag med nyfanga sild eller makrell og set ut i sjøen eit småmaska garn for slik fangst. Om reidskapen er merka så får vedkomande ei saftig bot. Ja, personar opp i 80 åra som elles har vore lovlydige gjennom livet både på land og sjø vert truga med fengsel for "lovbrotet". Om ikke garnet er merka forsvinn det i gapet på oppsyn og staten. Vonar det smakar!   

Det som ligg til grunn for all denne jakta på kystfolket og dei bufaste langs fjordane er visstnok fåren for at ein aure eller ein laks skulle forville seg inn i slike garn. Slik fisk skal berre gå fårefritt inn fjordane og opp i elvane der kjendismillionærar og milliardærar kan leike seg med sine kostbare reiskapar for å lande fisken. Også før gyting? Sjølvsagt også til glede for elveeigarane.

Eg nektar å tru at ein og annan huslyd på kysten og langs fjordane som set ut nokre garn skulle rasere laksebestanden om det skulle forville seg inn i garna eitpar laksar gjennom sumaren. Laks er oppskrytt som middagsrett. Den er nok mest ettertrakta som matfisk for dei med stor nok lommebok til å betale for namnet meir enn maten. Andre fiskeslag er langt å føretrekke som matfisk, og er langt meir anvendeleg til varierte sjømatrettar, etter mitt syn.   

Det rare er at om fisken vert fanga ute i fjorden så er det "grov miljøkriminalitet", men når den i hundrevis eller tusenvis av kilo vert teken på land i elvane då er det ikkje slik kriminalitet. Og det å pelme tonnevis av drit ut i ein laksefjord er heller ikkje for miljøkriminalitet å rekne. Kanskje laksen snur i Vevringsfjorden i framtid, kva då, elveeigarar?  

Til Firda 20. juli d.å. seier Atle Hamar, venstremannen som no har fått ein krakk i Miljødepartementet å boltre seg på, at han vil ha strengare straff for tjuvfiske. Ovanfor har eg nemnt noko av det som vert kalla tjuvfiske. Så dei som røystar Venstre veit kva dei har skaffa folket her ute i distrikta.   

I Firda 3. august d.å. er der to forståsegpåarar som meinar at villaksen er ein spydspiss i reiselivet. Er det slik at vi skal ofre alt for dette reiselivet? Eg vil tru det er mange andre ting som må gjerast i samfunnet enn berre å sjå på turisme og reiselivet som det som reddar oss. Eg tvilar på om det er alle turistane som kjem til landet som vassar ut i elvane for å fiske villaks. Men eg veit at mange stadar der reiseliv og turisme har teke overhand der har denne næringa skapt pest og plage for lokalt fastbuande.

Når det gjeld jordbruket så vert det ofte sagt at det er viktig at attgroinga vert halden nede slik at turistane kan nyte synet av dei nedlagde gardsbruka langs vegane. Attgroinga er viktig å stogge av heilt andre grunnar enn av omsynet til turistane.

Eg for min del meinar at gardsbruka skal nyttast mest mogeleg i matproduksjon og at tilskott til slik produksjon er viktigare enn å pynte bøane for at turistar som dreg forbi i sine campingbilar skal nyte utsikta. Stort sett ser dei vel berre det dei skal sjå når dei køyrer bilkolossane sine, og det er vegen.

Vi veit at mange politikarar likar å lage lover med forbod og straff for vanlege menneske, dette for å vise si makt. Men det er også gamalt kjent at lovforbod og straffer som verkar urimelege for mange si rettskjensle er med på å bryte ned respekten for slike lover. Om lova hadde vore laga slik at det var forbod mot å ha fleire garn etter kvarandre i lenker ville ei slik ordning truleg vore til å godta og lettare å etterleve. Men her gjeld det tydelegvis å gjere dei fastbuande på kysten og langs fjordane til kjeltringar. Og då så!

Brevet er også sendt til Miljødirektoratet v/ Pål Prestrud.

Norvald Aasen, 
6983 Kvammen
tel: 57731844