Hacking av stortinget er eit trugsmål mot demokratiet

Situasjonen kom helt ut av kontroll da politiet trakk seg tilbake.
Foto: Document.
Fra Norvald Aasen. 

Til Stortingspesident, Tone Wilhelmsen Trøen, Stortinget. 

I Dagsrevyen, den 4.09, 2020 seier du at hacking av stortinget er eit trugsmål mot demokratiet.

Eg vert lei meg kvar gong eg høyrer dykk politikarar - også andre maktpersonar - snakkar om dette demokratiet. Det må vel fyrst oppfattast som eit demokrati det vi lever under før det kan øydeleggast?

I dei siste 50 åra har politikarar og andre grupper arbeidd for å skifte ut vårt gamle folkeferd, nordmenn. Fru Brundtland gjekk på slutten av 1970 talet sterkt inn for å få fri abortlova innført. Så i 1986 fekk ho regjeringsmakt og kunne opne for fri innvandring. Med omlag 15000 abortar på born av vår eiga slekt kvart år, samstundes som det vart opna for masseinnvandring fra ikkje-vestlege land så seier reknestykket for folkegruppa nordmenn si framtid seg sjølv. Og folket var ikkje spurde om kva vi meinte, men det vart sett i verk reine fryktkampanjer mot dei som ytra seg kritisk til vår eigen undergang. Og frykta festa seg i sjela til dei av folket som ville ha fred både på arbeidsplassar og i sin omgangskrets. Det skulle ikkje vere god tone å meine og seie at Noreg er nordmenn og samar sitt fedreland - og at vi vil ikkje ha eit multietnisk konfliktsamfunn i landet som vi har arva frå våre tidligare slekter. Nordmenn har byggd landet sitt sjølv, vi vil ikkje verte fråteke det korkje av politikarar eller framandfolk.

Hetsen mot menneske med nasjonal haldning har vore, og er, utan grense. Jamvel domstolar har utmerka seg negativt mot oss. Regjeringa Solberg underskreiv FN si migrasjonsplan, også dette utan at folket vart spurd. Alt skulle gå stille føre seg, målet var sete i Tryggingsrådet, og då var det viktig å seie ja og amen til alt som kjem frå diktatorane i FN.   

Vi kan heller ikkje velje dei politikarane vi vil ha i styre og stell, det er partia som gjer og så kan vi gå til val på partia, men kandidatane vert plukka ut av partia etter kor politisk korrekte kandidatane er. Og politisk korrektheit betyr m.a. at dei er for fri masseinnvandring og overlet gladeleg vårt gamle kristne Noreg til islams stille invasjon.  

Vi ser også at menneske som er henta hit og som har fått opphald og alle rettar i landet mitt skal bestemme om vi nordmenn skal få uttrykke oss om kva vi meinar om vår framtid i vårt eige land. Dei tek seg retten til grov vald, øydelegging og trugsmål, saman med ventresida i politikken, mot menneske som har mot til å stå fram å hevde at vi vil ikkje ha eit Noreg etter islams liv og lære. Ikkje eingong landet sin statsminister, Erna Solberg, tek oppgjer med slik framand valdspøbel. Og dette kallar du/dei fleste av dykk, for eit demokrati?  

Så eg bed deg, stortingspresident, ver venleg å avgrens dykkar prat om demokratiet. Eit demokrati som ikkje finns kan ikkje øydeleggast korkje av hacking eller anna kriminalitet.  

Vedlagt ei helsing som eg sende til maktpersonar og slottet framføre 17. mai og som er skrive av personar som vi gjer rett i å lytte og lære av.

Norvald Aasen, 6983 Kvammen 

Den rette træleæra

Hjå eit fritt og sjølvstendigt folk er fedralandshug og nationalkjensle ei stor dygd. Hjå eit underkua folk derimot den største udygd og det verste lytet.

Ein mann som hev dette lytet, vert rekna for ein låk kar og er lite velsedd hjå dei styrande, kor mykje godt han so gjer. Men den, som sputtar på sitt eige folk og på det, som høyrer folket til, han vert velsedd hjå framandherrane. Den mannen kann dei bruka.

På den måten dreg framandstyret fram dei låke element hjå folket, og held dei gode nede, og folket vert lett demoralisera. Ja til sist kan folket søkkja so langt ned, at det er byrgt av, at det hjelper til med å halda seg sjølv i trældom. Og når herrefolket då kjem med ros - og i slike høve sparar dei ikkje på den - er tenarfolket reint byrgt. Det er den rette træleæra.

Dette sitatet er henta frå skrifter av juss. prof. Nikolaus Gjelsvik, (1866 - 1938). Sanninga i dette sitatet viser seg meir sant og aktuelt i vår tid enn då det vart skrive.

Dei vil alltid klaga og kyta
- Av Ivar Aasen -   

Dei vil alltid klaga og kyta,
at me ganga so seint og so smaatt; 
men eg tenkjer dei tarv ikkje syta;
me skal koma, um ikkje so braatt.

Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar
(so no ingen kan undrast uppaa);
men det munar daa jamt, ja det munar,
so det stundom er hugnad aa sjaa.

Lat det ganga fram, lat det siga,
berre eitt eg ynskjer og bed;
at me ikkje so høgt maatte stiga,
at me gløyma vaar fedranesed.

Lat oss ikkje forfedrane gløyma
under alt, som me venda og snu,
for dei gav oss ein arv til aa gøyma,
den er større, enn mange vil tru.

Lat det merkast i meir enn i ordi,
at me halda den arven istand,
at, naar fedrane sjaa att paa jordi,
dei kann kjenna sitt folk og sitt land.

Sitata av Nikolaus Gjelsvik og Ivar Aasen er sendt som påminning på 17. mai frå Norvald Aasen, 6983 Kvammen.

Eliten sine pålegg, og opplegg, for feiring av nordmenn sin nasjonaldag, med vår nasjonalsong, vil ikkje verte respektert, eller fylgt, av meg og mine. Fleirtalet av eliten, som består av framande og heimlege herrefolk, pyntar seg med FN sitt globalistmerke. Dette merket representerar ikkje Noregs to urfolk, og vår nasjonalstat, men fortel oss at eit nytt framandstyre er på gang.

Norvald Aasen