Å, alle de tørste; kom og få vatn!

Av Ludvig Hope

Å, alle de tørste; kom og få vatn! Og de som ikkje har pengar, kom! Kjøp korn og et! Ja, kom og kjøp utan pengar og utan betaling vin og mjølk! Jes 55, 1

Den tunge uroa og den djupe trongen som ligg i oss menneske etter noko me ikkje eig, kallar Gud for hunger og tørst. Det er denne sjelehungeren som driv folk til å jaga etter pengar, ære, makt og moro, og der ligg òg noko av grunnen til at så mange veltar seg i synd og skam. Berre me får meir av jordisk velvære og kan leva slik lystene driv oss til, så skal lukka komma, trur mange. Denne falske meininga er så inngrodd i oss at dei forførande maktene kan driva mengda inn i evig ulukke.

Når så Gud ser oss fara fram på denne håplause vegen, ropar han etter oss i hjarteleg medkjensle og ber oss venda om og komma til han. Han seier oss klårt og fast at han har mat som mettar og drikke som sløkkjer tørsten, og han seier difor at me skal få alt for ingenting.

Ein skulle tru at alle då ville komma. Kvifor kjem dei ikkje?

Her står det noko om at endå me skal få alt for inkje, så må me likevel kjøpa det. Skal me kjøpa det som ingenting kostar? Det kostar å komma. Det kostar å ta imot. Spesielt kostar det å ta imot for inkje. Me må betala med å venda oss bort frå alt og alle og ta imot det Gud gir av berre nåde.

Den som gjer det, får alt for inkje. Han drikk av livsens kjelde og blir frelst.

Kom nå til livets flod,
kilden så klar.
Lindring for sorg og nød
alltid den har!
Tusener stillet her
glade sin sjels begjær.
Ennå ei tømt den er,
kom, synder, kom!

Kommentarer