Gråt ikkje!

Av Ludvig Hope

Då Herren fekk sjå enkja, tykte han hjarteleg synd i henne og sa: «Gråt ikkje!» Luk 7, 13

Me menneske kan aldri forsona oss med den tunge sanninga at me ein gong må døy. Me strir imot og gjer alt me kan for å sleppa unna endå me veit så vel at til slutt vil alt enda med ei grav. Sterk og sigerviss stig døden innom kvar manns dør, utan å la seg røra korkje av bønner eller tårer. Miskunnlaus og kald tek han livet og byr oss bera einannan til grava.

Men ein dag steig ein mann fram attmed døden og baud han å gå bort, og mora fekk barnet sitt att frå dødsriket. Dette gjorde ikkje Jesus fordi han ville at frå den stunda skulle ingen døy. Synda må bort før døden kan missa makta si. Å ta døden bort før synda, ville vore å gjera jorda til eit helvete. Men han ville syna oss kven han er, kva han kan og det som ein gong skal henda når synda ikkje er meir. Difor reiste han den døde frå båra og ropte Lasarus ut or grava.

Den vegen livsens hovding måtte gå, var å ta synda bort gjennom offeret sitt og reisa seg sjølv or grava, til teikn på at han er herre over døden. Den vegen me må gå er å venda om og bli fødde på nytt. Det blir det evige livsfrøet lagt inn i vår ånd, og då lyder det i himmelen og på jorda: Den som trur på Kristus, skal leva om han så døyr. Og så veit me at dagen ein gong gryr då døden ikkje er meir, så alle graver blir opna og alle tårer blir turka av.

No sorga og klaga la stilna.
Med Guds ord la gråten din mildna.
La ingen i vonløysa syrgja.
Med døden me livet skal byrja.

Kommentarer