Jesus skal koma att

Av Nils Gjerde

«Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg ham fara opp til himmelen,» Apostelgjerningane 1,11.

 
Jesus hadde synt seg mange gonger for læresveinane sine etter si oppstoda, og tale med dei om det som høyrer Guds rike til.

Dei merka at han hadde endra seg i det ytre, men hans sinnelag og kjærleiken til sine var den same. No var dei samen med han på Oljeberget. Dei hadde framleis mange spørsmål, men Jesus sa at no måtte dei vera opptekne av at evangeliet skulle kunngjerast for alle folkeslag. Til dette trong dei kraft, og den skulle dei få når Den Heilage Ande kom over dei. Så lyfte han sine hender og velsigna dei. Medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Dei såg etter han til ei sky tok han bort frå augo deira. To englar i kvite klede stod med eitt framfor dei og sa: Denne Jesus som vart teken opp til himmelen frå dykk, skal koma att på same måten...

Englane gjorde det klårt for læresveinane at det var den Jesus som fór opp, som skulle koma att, han som skriftene tala om. Den Jesus som dei kjende, han som gjekk omkring og gjorde vel. Den Jesus som stod på dei svake si side, og som ynkast inderlig over dei som hadde det vondt. Dette gjorde at dei fall på kne og tilbad han.

Denne sanning, at Jesus skal koma att, har alltid vore ei trøyst for Guds sanne kyrkjelyd.

I vår tid er det mange Guds born kring i verda som lever under svært vanskelege tilhøve når det gjeld å dyrka Gud etter sitt samvet. Deira einaste ljospunkt i tilværet er at Jesus skal koma att. Det er naturleg for desse å be slik dagleg: Kom, Herre Jesus, kom snart! Dei vil få bønesvar. Jesus vil koma att og henta dei som ventar på ham. Ventar du?

Kommentarer