Ein fast ankergrunn

Av Ludvig Hope

For me veit at om vår lekams jordiske hus blir nedrive, så har me i himmelen ein bygning som er av Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender. 2 Kor 5,1

Guds ord samanliknar lekamen vår med eit hus, ei hytte og eit telt som ein gong må rivast. Men dermed har Gud òg sagt oss at det indre, verkelege mennesket er heilt sjølvstendig og kan vera til om det ikkje har noko jordisk hus å bu i.

Visst er det vemodig at så fint eit byggverk lyt leggjast i mold; men me har ingen grunn til å missa motet, for Gud har sytt for å laga eit nytt hus til oss, og me kan vera sikre på at ingen skal angra på bytet. Paulus hyste ingen tvil i så måte, og denne grunnfaste overtydinga er grunnen til at han alltid er frimodig, ja, at han lengtar etter å sleppa bort frå lekamen, for då får han vera heime hjå Herren, kledd med den himmelske bustaden.

Det finaste og djupaste ønsket hjå ein kristen er å komma til himmelen, heim til Gud og møta Frelsaren sin. Det har Gud lova sine at dei skal få, og den trøysta skulle kvar einaste kristen leva i med full tillit kvar einaste dag. Det gir håpet ein fast ankergrunn og trua mot til å halda ut i striden.

Det er ein fattig kristendom som ikkje eig den trøysta at ein skal få komma i himmelen til Jesus når ein døyr. Men for den som trur det, er det godt å leva og endå betre å døy.

Så sovner jeg trygt i ditt hellige navn.
Du våker til natten ender.
Når morgenen stiger, jeg er i havn
og fedrelandet gjenkjenner.
Da kysser jeg med usigelig fryd
de naglemerkede hender.

Kommentarer