Ved Jesu føter

Av Ludvig Hope

«Ho hadde ei syster som heitte Maria og ho satte seg nedmed Herrens føter og lytta på orda hans. Men Marta hadde det så annsamt med alt ho skulle stella til.» Luk 10,39–40

Marta og Maria var glade i Jesus begge to. Marta hadde styrken sin i å arbeida for Jesus, og Maria i å lytta på orda hans. Marta går opp i arbeidet for Jesus, Maria går opp i Jesus sjølv. Maria er teken av Jesus og det han seier, Marta er teken av arbeidet for han. Ho hadde ikkje tankar for anna.

Viss Jesus ikkje hadde sagt oss det han sa om desse to systrene, ville me sikkert ha sett på Marta som den mest gudelege av dei to. Tenk, å ikkje ha tanke for anna enn å tena Jesus! Kan ein tenkja seg ein betre kristen? Men Jesus ser det ikkje slik. Å komma seg til ro i han og ordet hans og å ofra alt på Jesus sjølv er størst, seier han.

Mange av oss kristne i dag liknar meir Marta enn Maria. Fordi her er så mykje å gjera i Guds rike, får me det så travelt for Jesus at me gløymer å leva med han. Og så går det med oss som med Marta: Me blir slitne, misnøgde og tek til å klaga. Etter kvart som me lir indre nederlag, blir me meir og meir kravfulle og kritiske mot andre kristne; me tykkjer at dei gjer så altfor lite. Det er urett av ein kristen å ha større krav til andre enn til seg sjølv.

Måtte ingen av oss nokon gong få det så travelt for Jesus at me gløymer å leva med han!

Ved Jesu føter ei stille stund
når orda kjem frå hans eigen munn.
Når eg med Jesus åleine er,
då er det hugnad å leva her.

Kommentarer