Frå han kjem mi von

Av Halvor Djupedal

«For frå han kjem mi von,» Salme 62, 6.

«Dei vonfulle unge», heiter det så fint. Grunnen til dette er at den unge har livet framføre seg. Og det syner seg for dei mange unge så ljost og fagert, med dei mange ting som ventar der framme: Ein god skulegong med gode resultat. Arbeid med god økonomisk stode, ektemake, kjærleg og dugande, ein ljos og varm heim, friske, smilande born osb. Ekteskapet og heimen er heilag og skal tryggjast og verjast mot øydelegging.

Men me veit, vona kan svike. Det kan verta noko heilt anna enn det den unge guten og jenta vona på, diverre. Men det er sant at menneske må ha noko å vone på. Utan von, altså vonlaus, det er strake vegen til ulukke for kvar og ein som har det slik. Alt vi vonar på i denne verda, kan svike. Men det er ei von som ikkje brest. Det er den von som har sitt feste i Gud, i hans kjærleik, truskap og hjelp.

Dersom det skulle gå så ille for nokon – at alle voner brast – so brest ikkje den vona som har sin grunn i Gud og det han har gjeve oss i Sonen Jesus Kristus. Lat så all vår von stå til han! Då har vi ei fast von for dette liv, med all den glede det kan gjeva, og det er så visst ikkje lite. Og det store er at Gud hjelper så trygt og godt, sjølv då når livet er prøvsamt. Då stød vi oss på han som den sikre støttestav.

Songaren seier det så sant og fint: «Han tek ikkje glansen av livet.» Han gjev den rette glansen over livet. Det gjeld alle grupper: Born, unge, manndom og alderdom. Og vona som kjem frå Gud, rekk langt ut over grensa av dette liv, ja inn i æva, i herlegdom og sæla. Måtte vi alle verte sterke i trua og den levande vona.

Kommentarer