Han sa: «Med Guds rike er det som når ein mann har sått kornet i jorda. Han søv og står opp, det blir natt og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til.» Mark 4, 26–27
I dette ordet ligg ei stor trøyst for oss som kristne, som arbeidarar i Guds rike. Me har så lett for å klaga når me ikkje ser frukt den dagen me har sått, og så trur me at det berre er det vonde som veks, mens det gode visnar og kjem bort. Men Jesus ser det annleis. Han seier at Guds rike gror både i oss og kring oss. Under hans nådesol og nåderegn veks òg Guds såkorn frå spirande strå til mogna frukt.
La så ordet frå Gud, det som Guds Ande la i hjarta vårt gjennom trua, få liggja der i fred! Sluttar ein kristen å tru fordi han ikkje ser gudslivet i seg veksa og fordi han ikkje får smaka livsens frukt, då liknar han småguten som gong etter gong grov opp att den erta han hadde planta, for å sjå om ho slo rot. Mykje gudsliv misser på den måten krafta si og blir stoppa i voksteren.
Den late skal gå til mauren og bli vis, seier ordtaket. Den kristne burde gå ut til åkeren for å få tiltru til Guds ord. Der skal han seia til seg sjølv: Med Guds rike er det som når ein mann har sått kornet i jorda. Då får det liggja i fred, og då veks det.
«Dei er planta i Herrens hus og blømer i vår Guds tempelgardar. Enno i sin alderdom ber dei frukt, friske og frodige er dei. Slik forkynner dei at Herren er rettvis; hjå han, mitt berg, er det ingen urett.» Salme 92, 14–16.
Dogg fra lysets riker,
markene de skriker
etter forårsregn!
markene de skriker
etter forårsregn!
La nå nådens strømme
sæden overflømme
i hver himmelegn!
sæden overflømme
i hver himmelegn!
Gi den rot og trivsel god.
La med frukt din hage smykkes,
og la Guds ord lykkes!
La med frukt din hage smykkes,
og la Guds ord lykkes!

Kommentarer
Legg inn en kommentar